Hans Jacob Meyer
Her på Haukeland er vi så heldige å ha heile to kunstverk signert Hans Jacob Meyer – ein betydeleg kunstnar og bilethoggar frå Bergen – skulpturen «Torso» (1955) og bronserelieffet «Minnetavle» (1954).
Hans Jacob Meyer vart fødd i Bergen i 1907, her levde han og her døydde han i 1993. Far hans var skipsmeklar, og Hans Jacobs framtid såg klar ut. Han vart då også skipsmeklar sjølv etter kvart, men han blei tidleg fanga av kunsten, og allereie tidleg i tjueåra var han på sitt fyrste kunstnariske studieopphald i Paris ved det skandinaviske akademiet Maison Watteau. Etter nokre år med studiar og arbeid med skulptur la han dette til side og trådde altså inn i skipsmeklaryrket, og blei verande der i over 30 år. Totalt inaktiv som bilethoggar var han likevel ikkje i denne perioden.
![Skulpturen «Torso»](/4909d6/contentassets/721bb8a5be3344b5aeece3d387eb5ddc/torso2.jpg?width=1134.4&height=1418&quality=80&rxy=0.62,0.38&format=webp)
Foto: Øystein Fykse
Skipsmeklarane vart arbeidslause under krigen, og Meyer debuterte på Høstutstillingen i 1945.
Hans fyrste separatutstilling fann stad i Kunstnernes hus, Oslo, så seint som i 1959, og fyrst som 55-åring via han all si tid til kunsten. Etter dette drog han på studieopphald mange stader i Europa.
Bronseskulpturen «Torso», på sokkel av raud granitt, finn vi i venterommet ved terapibassenget i Gamle hovudbyggs underetasje. Den er 155 cm høg og har påskrifta Gitt til Haukeland sykehus av kunstneren 1993.
Store Norske Leksikon:
«Meyer fikk aldri noen stor produksjon. Han arbeidet langsomt og med stor selvkritikk – det gikk ofte flere år før han klarte å slippe tingene fra seg. Hans andre store utstilling kom først 1984 i Galleri Langegaarden i Bergen. Han omtalte seg selv som “naturalist”, men hans form er nesten arkaisk i sin formstrenghet, med en grunntone av primitiv enkelhet.»
![Bronserelieffet måler h100 cm/b80 cm. Foto: Øystein Fykse.](/4aa246/contentassets/721bb8a5be3344b5aeece3d387eb5ddc/poliomyelitt-plakett_lo-002.jpg?width=1478.4&height=1848&quality=80&format=webp)
«Minnetavle» heng på veggen ved hovudinngang i Lille parkbygg, tidlegare Poliobygget. Den viser to barn i tillegg til teksten "Landsforeningen mot Poliomyelitt reiste dette bygg for midler innsamlet i Bergen og fylkene - med støtte av Staten og Bergen Kommune".
Meyer arbeidde både med gips, terrakotta og marmor, han støypte i bronse og sement og han skar i tre. Han var òg ein dreven medaljekunstnar, og i 25 år sat han som medlem av pregkomitéen for Den Kongelige Mynt.
Blant Meyers mest kjente arbeid finn vi:
Knelende kvinne, monument over falne (bronse), 1951, ved Arna kirke, Bergen (kopi ved Elsesro, Bergen, 1974).
Liggende poet (bronse), 1951–55, Ole Bulls plass, Bergen (med sjølvaste – og nyleg avlidne – Laurie Grundt som 14-årig modell)
Mor og barn, monument over falne (bronse), 1954, Nonneseter kloster, Bergen.
![Hans Jacob Meyer. Foto: Oddleiv Apneseth (gjengjeve med tillatelse).](/4aa247/contentassets/721bb8a5be3344b5aeece3d387eb5ddc/meyer_foto-oddleiv-apneseth.jpg?width=700&height=466.90000000000003&quality=80&format=webp)
Hans Jacob Meyer. Foto: Oddleiv Apneseth (gjengjeve med tillatelse).
![For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom, juni 2020.](/4aa247/contentassets/721bb8a5be3344b5aeece3d387eb5ddc/kunstlogo.jpg?width=1825&height=1217.275&quality=80&format=webp)