Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kunst på Haukeland

Mor og barn

Bronseskulpturen «Moder och barn» av Ivar Johnson (1885-1970) var ei gåve frå det svenske folk til Haukeland og den nye Barneklinikken som opna i 1950.

Publisert 22.06.2018
Sist oppdatert 02.09.2024

Ivar Johnsson, fødd i Vittskövle, Skåne, var ein kjend klassisistisk monumentalskulptør og medlem av kunstnargruppa De tolv – ei gruppe kunstnarar frå Skåne som oppheldt seg i Paris tidleg på 1920-talet. Offentlege verk signert Johnsson finst over det meste av Sverige, med særs mange i Stockholm, der han òg er representert i Nationalmuseum.

mor barn statue. foto

Monteringa av den 380 cm. høge og rundt eitt tonn tunge gåva skjedde ikkje utan dramatikk. Vi siterer frå Carl W. Janssens bok «Haukeland sykehus – en medisinsk hjørnesten siden 1912» (Eide, 2001):

I november 1949 inntrådte det et litt spesielt uhell, idet statuen «Mor med barn» som står høyt oppe på sydveggen av Barneklinikken, falt ca. 20 meter ned til grunnen under monteringen. Bronsestatuen (…) skulle heises opp til en på forhånd tillaget gesims. Bare noen få centimeter fra gesimsen røk en talje, og statuen styrtet ned gjennom stilaset og rett gjennom taket på heisehuset. Merkelig nok ble statuen bare lettere skadet, og etter å ha vært til reparasjon i Sverige kom den trygt på plass i februar 1950.

En statue av en kvinne som holder en baby
Bilete av skulpturen frå Rosengrens metallgjuteris arkiv, før den vart sendt frå Malmø til Bergen i 1949.

Det var ikkje berre skulpturen som var ei gåve frå Sverige – heile Barneklinikken var eit resultat av Svenska Norgeshjälpens Frihetsgåva – pengar innsamla til broderfolket heilt sidan 1942, og både byggjekomité og arkitektfirma var svenske; Noreg, som var i ei gjenreisingstid hadde stort sett ikkje anna å bidra med sjølv enn sand, og alt av utstyr og inventar vart sendt frå Sverige, dei sende til og med 40 bygningsarbeidarar til Bergen.

Sort hvitt foto av den gamle barneklinikken med statue hengende på veggen
"Mor og barn" hang 67 år på sørveggen av Barneklinikken, før den varsamt vart løfta ned frå gesimsen sin i juni 2017.

Etter 67 år på sørveggen av Barneklinikken vart «Mor og barn» varsamt løfta ned frå gesimsen sin i juni 2017, men ikkje for å pensjonerast – berre for ein liten ferie medan Barneklinikken vart jamna med jorda, og før statuen den 19. juni 2018 vart gjenreist mellombels på nystøypt, 4 tonn tung, granittsokkel framfor den mellombelse barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys’ hus. Den påfølgande sommaren vart statuen pussa og reingjort for eir og skit og deretter voksa, slik at den i dag framstår med ein utsjånad den ikkje har hatt sidan 1950. Alt profesjonelt utført av gjørtlaren James Eves.

på sokkel
"Mor og barn" på granittsokkel framfor den mellombelse barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys’ hus

«Mor og barn»  vart ståande til glede for besøkande til Marie Joys’ hus i heile seks år, før statuen den 12. april 2024 nok ein gong vart varsamt løfta og frakta til parken mellom det nye barne- og ungdomssjukehuset i Glasblokkene og bybanestoppet ved Haukeland. Derfor kan vi no seie at «Mor og barn» er komen heim!

Statue av mor som holder et barn
"Mor og barn" er komen heim framfor den nye Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene. 

For Kunstutvalet, Haukeland Universitetssjukehus, Trond Blom, juni 2018/aug. 2024.

Mor og barns ferd fra barneklinikken via Marie Joys’ til Glasblokkene