Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kunst på Haukeland

Pelikan

Då Skule Waksvik gjekk ut av verda den 7. februar i år, var det til alt hell i visse om at hans skulptur frå 1977, Pelikan – eit kunstverk i granitt – endeleg hadde fått den heimen og plasseringa det fortener.

Publisert 07.03.2018

Skulpturen vart 13. juni 2017 heist på plass på ein ny granittsokkel utanfor hovudinngangen til det nye Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland. Der har han fått ei veldig fin plassering og kan sjåast både utan- og innanfrå.

Les meir om Skule Waksvik i AftenpostenWaksvik laga i hovudsak dyreskulpturar som fort vart veldig populære blant folk, og i mange burettslag, særleg på austlandet, blir fellesområde pryda av rådyrkalvar, elgar, bjørnar m.m. Over heile landet finst det i offentlege rom og –samlingar eit hundretals arbeid. I tillegg har han vore representert på ein haug med utstillingar, frå si første Høstutstilling i 1948 til Vestlands-, Østlands- og nordiske utstillingar. Han hadde utdanning frå både Oslo, Trondheim og Paris, og i 2007 vart han utnemnt til Ridder av St. Olavs orden.

pelikanen

Det ser ut til at Waksvik har jobba med pelikanmotivet heilt frå midten av 50-talet, og pelikanen eksisterer i ulike storleikar, frå heilt ned i 18 centimeters høgd og opp til 70, som vår. Han finst både i granitt, terrakotta og bronse – ein av sistnemnte slaget er i Nasjonalmuseet si eige. Vår skulptur er datert 1977, same år som han vart innkjøpt med middel frå Bergen Kommunes minnemedaljefond, og plassert utanfor Vestlund habiliteringssenter i Fyllingsdalen. Dette var eigd av Johan Ludwig Mowinckels stiftelse, som reiste senteret på kommunal tomt etter påtrykk frå Cerebral parese-foreininga for Hordaland og Sogn og Fjordane. På midten av 90-talet vart senterets verksemd, som hadde utvikla seg til å bli eit meir generelt tilbod for barn og unge med funksjonshemmingar, overtatt av Haukeland. I desember 2009 vart senteret nedlagt og verksemda flytta til Gamle hovudbygg på haukelandsområdet (Habiliteringstenesta for barn og unge). Om lag på same tid hamna «Pelikanen» på ei palle i Miljøhallen, kor han vart ståande i eit par år, utan andre utsikter enn å verte lempa i ein steincontainer som steinavfall. Oppvakte karar i Miljøhallen tok imidlertid kontakt med like oppvakte – og kulturbevisste – tilsette hjå Teknisk avd./Park og veg, og lurte på om dei kunne gje den, mildt sagt, forsteina fuglen nytt liv. Det kunne dei, og han vart høgtrykksspylt, stelt og gjenoppliva og fekk ei flott mellombels plassering utanfor vestre inngang til Gamle hovudbygg – ein plass som gartnarane framleis berre kallar Pelikanplassen.

Statuen pelikanen i profil.

Frå sommaren 2017 har skulpturen altså hatt noverande plassering. Det at kunstnaren visste om dette, og var veldig nøgd, er eit stort poeng. For same mann var nemleg særs vonbroten om lag ti år tidlegare, då han oppsøkte fuglen ute i Fyllingsdalen i samband med ein katalog han laga over kunsten sin. Dette var mot slutten av verksemda der ute, og Pelikan var vanskjøtt. Det høyrer med til historia at Waksvik drog frå staden utan å ta bilete av skulpturen. Derfor var det ekstra gromt at han fekk oppleve at verket hans no er behandla og limt fast til ein passande sokkel på ein av dei synlegaste plassane ved framtidas Haukeland.

Mars 2018.
For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus - Trond Blom.