Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

«Regnvær» av Torill Nøst

I serien Kunst på Haukeland tek vi denne gongen turen litt ut av byen, sørover til Nordås, til det som før berre heitte Nordåstunet, men som i dag har det noko meir formelle namnet Rehabiliteringsklinikken – Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Der, utanfor hovudinngangen, finn vi Torill Nøsts skulptur «Regnvær» .

Publisert 15.03.2021
Sist oppdatert 13.03.2023

Torill Nøst

Foto: Øystein Fykse

Torill Nøst (f. 1954) har si utdanning frå Jan van Eyck Academie, Maastricht NL, Det Kgl. Danske Kunstakademi, Vestlandets Kunstakademi og Kunstskolen i Trondheim.

Ved sida av utsmykkingsoppdrag og offentlege innkjøp har ho vore med på ei lang rekkje gruppeutstillingar, til dømes eit tosifra tal deltakingar fordelt på Vestlandsutstillingen og Statens kunstutstilling – begge stadar debuterte ho i 1978.

Separatutstillingar har det sjølvsagt òg vore mange av, no sist i Restaurant Lysverket (2018/2019) i regi av Kunstgarasjen. Ho er i dag mest kjend for fotografi og installasjonar, og det var nettopp fotografi som pryda veggane i Lysverket.

Foto: Vår skulptur av Torill Nøst

Foto: Øystein Fykse

«Vår» skulptur, av metall og pleksiglas, vart til i 1980, og var eit utsmykkingsoppdrag til sjølve opninga av bygget same år – altså eit tidleg verk av kunstnaren.


Frå Bergen byleksikon:
Nordåstunet, Nordåsgrenda 4, oppført 1980 (ark. Einar Vaardal-Lunde), institusjon for fysisk uføre, eies og drives av Hordaland fylkeskommune. 36 enerom; svømmehall med 12,5 m bane. Det var Vestlandske Vanførelag, stiftet 1924, siden 1980 Hordaland Fylkeslag av Norges Handikapforbund, som fikk reist Nordåstunet, der de nå bl.a. har dagsenter for funksjonshemmede. 1937–80 drev laget Vestlandske Vanførehjem i Haukelandsveien 32.

Etter sjukehusreforma i 2002 inngjekk Nordåstunet som del av Haukeland universitetssjukehus og Helse Bergen.