Ryttergruppe av Frans Widerberg
Widerbergs (1934-2017) modningsår som kunstner sammenfalt med etterkrigstidens brytning mellom abstrakt og figurativ kunst. I et forsøk på å gå inn i sin egen tid, søkte han bred forankring i tidens litterære, filosofiske og kunstneriske strømninger.
Då målaren og grafikaren Frans Widerberg byrja ved Statens håndverk - og kunstindustriskole i 1953, var det innan faget bokdesign; sidan vart det Goldsmith's College School of Art, Bergen Kunsthåndverksskole og Statens Kunstakademi. Han braut med samtidas nonfigurative trend, og vart delvis kritisert for dette.
Norsk kunstnerleksikon slår fast følgjande:
Widerbergs gjennombrudd skjedde i 1968 da han gjorde ferdig en 15 m lang utsmykning, Ryttergruppe, til vestibylen på Psykiatrisk klinikk, Haukeland sykehus, Bergen, i samarbeide med Dagny og Finn Hald.
Det 15 meter lange veggrelieffet – glaserte keramiske fliser direkte på betongveggen, vart til i samarbeid med keramikarekteparet Dagny og Finn Hald. Då Psykiatrisk klinikk vart riven i 2011 vart frisen varsamt teke ned og lagra, før det i 2015 vart sett i gang ei omfattande konservering av verket. Den bergensbaserte keramikaren Kjell Johannessen vart hyra til å styre restaureringsarbeidet så vel som oppføringa av verket på veggen over terapibassenget.
Frans Widerberg vart glad då han fekk høyre at verket var bevart, og at det (allereie i 2011) var ein klar plan om kor det skulle få nytt liv. Dessverre fekk han aldri sett resultatet, då han døydde 7. april 2017, same månad som arbeidet vart ferdigstilt.
Svein Bjørkås, direktør i KORO (Kunst i offentlige rom) har sagt om «Ryttergruppe» at:
Verket er interessant fordi det peker framover mot den motivkretsen og det uttrykket vi særlig forbinder med Frans Widerbergs kunst. Det vil utvilsomt kunne fungere som inngang til hans kunstnerskap, ikke minst for et stort antall barn og unge fra Vestlandet.
Frans Widerberg i Norsk kunstnerleksikon: https://nkl.snl.no/Frans_Widerberg
November 2018.
For Kunstutvalet, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom.
(kilde Norsk kunstnerleksikon)