podcast

Pestpodden

Pestpodden - ein podkast for deg som vil bli infeksjons- eller tropemedisiner i verdas minst tropiske land. Eller berre lære deg meir infeksjonsmedisin.

Logo - "Pestpodden" med handskrift og ei glad rotte.
«Why does the fungi have so many friends? – Because he is a fun guy!» 
 
Akkurat sånn tenker vi, Jørgen og Ingrid, om infeksjonsmedisinen òg – kanskje det faget innafor medisin med flest spanande bakgrunnshistorier og sjanser for krumspring, avsporingar- (og påsporingar), irrgangar, sidevegar, avstikkarar inn i jungelen og oppsiktsvekkande oppdagingar. 
 
Vi gjer eit forsøk på å gjere det vanskelege enkelt og det keisame morosamt – på norsk, sia nesten alle infeksjonsmedisinske podcastar i dag er engelskspråklige, og følgjeleg òg altfor fulle av meropenem.
 
I denne podkasten får du med andre ord dårlege vitsar, gode historier og spontane innfall – men forhåpentligvis med eit visst læringsutbytte på reisa.
 
 
eller søk oss opp i din føretrekte podkast-spelar.

​Kven er vi?​​

Portrett Ingrid

Ingrid er spesialist i generell indremedisin og snart ferdig infeksjonsmedisiner. Ho er opphaveleg frå Skien og studerte medisin på UiO, men har vore tilsett på Haukeland sia 2020. Hun brenner for mange emner, alltid vore ein ivrig podcastlyttar, og har gremma seg over det skrinne utvalget av norskspråklege, infeksjonsmedisinsk vinkla podcaster. Heldigvis vart ho kollega med Jørgen og Nikolai - og traff Marius Fimland som allereie hadde erfaring fra produksjon av andre podcaster. Gleden er stor over å no - endelig - kunne vise fram det vi har jobba med så lenge! 

Portrett Jørgen

​​Jørgen er for tida på mikrobiologisk avdeling, og er ein erfaren LIS i infeksjonsmedisin. Han er snart ferdig spesialist i generell indremedisin og infeksjonssjukdomar, og har òg jobbet med onkologi. Han er opphaveleg fra Karmøy og studerte på UiB. Før han startet medisinstudia rakk Jørgen både å studere mellom anna sykepleie, psykologi og pedagogikk. Han involverer seg i mykje, både faglig og organisatorisk, og er oppteken av formidling og undervisning. Og ikkje nok med det! Jørgen er òg veldig musikalsk, glad i å spele på det han kaller “tangenter” og har ei god sangstemme som vi av og til er heldige å få høyre i podcasten. ​​

Portrett Nikolai

Nikolai er LIS3 i indremedisin på infeksjonsavdelinga, Haukeland universitetssjukehus - med spesiell interesse for - og planer om å bli infeksjonsmedisiner. Han gjennomførte medisinstudiet ved UiB, men rakk først ein bachelor i utøvande jazzmusikk på Griegakademiet. Han trakterer fleire instrument og deltek i fleire band - og er mannen bak all musikk til Pestpodden. Nikolai deltar òg sjølv i fleire av Pestpoddens episodar, og har undervist om antibiotika på det nasjonale kurset for generell indremedisin på Haukeland Universitetssykehus dei siste fire åra. I desse dagar er han involvert som studielege i forskingsprosjektet Panoramic Norway, som ser på effekten av Paxlovid for long covid-symptom. ​

Vi er Ingrid Hoff og Jørgen Østensjø – snart ferdige spesialistar i infeksjonsmedisin. I tillegg har vi med oss LIS3 i indremedisin Nikolai Norevik Myklebust som ikkje er spesialist no i næraste framtid, men det er berre fordi han måtte gå på G​​riegakademiet, bli ferdig utdanna jazzmusikar, og så skrive musikken til Pestpodden først.​​​​

Ris og ros, tips til tema, vinkling eller intervjuer – vi tar imot alt med glede! 

 
Ein stor takk rettast til leiar for tropesenteret og førsteamanuensis Kristine Mørch og seksjonsoverlege Trond Bruun. Takk til Norsk forening for infeksjonsmedisin òg, som vi gleder oss til å samarbeide med i framtida.
 
All musikk er av Nikolai Norevik Myklebust, fagredaktør og mastermind er Ingrid Hoff, produsent er Marius Løbø Fimland og ansvarleg redaktør Erik Vigander - Helse Bergen HF.
Sist oppdatert 26.08.2024