Dine rettar ved tilvising til spesialisthelsetenesta
Vurdering av tilvising
Når vi får tilvisinga di, vil vi vurdere helsetilstanden din og om du har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje. Denne vurderinga skal vi gjere innan ti virkedagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom vil vurderinga skje raskare.
Frist for helsehjelp
Om du har rett til nødvendig helsehjelp, vil du få ein frist for når helsehjelpa skal starte. Vi vil informere deg om denne fristen gjeld for oppstart av utgreiing eller behandling.
Fristbrot
Dersom vi oppdagar at vi ikkje klarer å halde den fristen du har fått, vil vi straks gi beskjed til HELFO pasientformidling. HELFO vil da kontakte deg for å undersøke om du ønsker eit alternativt tilbod. Om du ikkje ønsker å få behandling ein annan stad, kan du framleis stå på venteliste hos oss.
Rett til ny vurdering
Svaret på tilvisinga bygger på ei helsefagleg vurdering frå ein spesialist. I somme tilfelle kan det vere at du ønsker å få vurdert helsetilstanden din på nytt av ein annan spesialist eller ved eit anna sjukehus. For å få ei ny vurdering må du kontakte fastlegen din, som kan sende ei ny tilvising til spesialisthelsetenesta.
Les meir om rett til nødvendig helsehjelp på helsenorge.no
Bruk av pasientopplysningar og reservasjonsrett
Dersom det er nødvendig for at du skal få forsvarleg helsehjelp, kan helsepersonell dele helseinformasjonen din. Du har rett til å reservere deg mot at informasjon som blir lagra i pasientjournalen din, blir delt med andre, og du har rett til å få vite når andre har lese informasjon om deg. På helsenorge finn du all informasjon om pasientopplysningar og reservasjonsrett som du treng.
Individuell plan
Om du treng langvarige og koordinerte helsetenester, har du rett til ein individuell plan. Den individuelle planen skal sikre at samarbeidet mellom deg og dei ulike tenesteytarane, for eksempel fastlege, heimesjukepleie, sjukehus og NAV, fungerer godt. Det er ein av desse som har hovudansvaret for kontakten med deg, og som sørger for koordineringa. Du kan også sjølv ta initiativ til å få utarbeidd ein individuell plan, les meir på helsenorge.no.