Endre eller avbestille time
Du kan sjekke timeavtalene dine og skrive meldingar til sjukehuset via helsenorge.no
Innkallingsbrev på helsenorge.no
Dersom du får innkallingsbrev frå sjukehuset finn du det ved å logge deg inn på helsenorge.no.
Ved å logge deg inn på helsenorge.no får du
- oversikt over dine timeavtalar
- kan lese viktige opplysningar om timen din og eventuelle førebuingar
- Sende ei melding til avdelinga du har time hos (ikkje røntgen)
- Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)
Endring /avbestilling av time
Du kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.
Når du opnar innkallingsbrevet i innboksen din på helsenorge.no får du tilgang til ein svarknapp. Den kan du bruke for å gi beskjed. Må du endre timen, anbefalar vi at du sender beskjed så snart som mogleg via helsenorge.no. Du kan også gi beskjed ved å ringe avdelinga som er avsendar av brevet.Logg inn for å endre time
Gebyr dersom du ikke møter opp
Hugs å gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan komme på timen.
Dersom du ikkje kjem til timen, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr. Har du time på ein mandag, må du gi beskjed seinast fredagen før.
Ver merksam på at byte av time kan føre til at du må vente lenger. Her er en oversikt på helsenorge over pasientbetaling på sjukehus og i poliklinikk
Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du logger deg inn på helsenorge.no på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalene til barnet.
Fortsatt brev i posten
Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.