Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Refusjon for tømmemiddel

Nokre undersøkingar krev at tarmen er tømt før du møter til time. Tømming av tarmen krev bruk av eigne middel kjøpt på apotek. Er du pasient hos oss, eller hos privat aktør som har avtale med Helse Vest RHF, kan du få igjen utlegg du har hatt til tømmemidlar.

Undersøkingar som vanlegvis krev tarmtømming er:

  • Koloskopi
  • Rektoskopi
  • CT tykktarm

Slik får du refusjon for tømmemiddel

  1. Fyll ut dette refusjonsskjemaet. Logg inn med BankID.
  2. Legg ved kvittering frå apoteket som dokumentasjon på kjøpet. Du kan ta bilde av kvitteringa og laste det opp direkte frå mobiltelefonen din.

Vi vil refundere utlegg til tarmtømmingsmiddel så snart som mogleg etter at du har sendt inn skjema og kvitteringar.

Har du ikkje BankID?

  • Be ein pårørande om hjelp. Pårørande loggar inn med si eiga BankID og fyller inn opplysningane dine i skjemaet. 
  • Har du ikkje moglegheit til å levere dette kravet digitalt, kan du ta kontakt med resepsjonen på poliklinikken. 
Sist oppdatert 03.06.2026