Teieplikt

Helsepersonell har teieplikt og kan ikkje formidle helseopplysningar om deg til andre dersom du ikkje har gitt samtykke til dette, eller det er bestemt i lov som for eksempel når det er nødvendig for å sikre forsvarleg helsehjelp.

Dersom pårørande ønskjer informasjon om pasienten sin helsetilstand og den behandling som blir gitt, må pasienten gi sitt samtykke. Dette gjeld alle pasientar over 16 år.

Ungdommar mellom 12 og 16 år har også moglegheit til å avgrense den informasjon som blir gitt til foreldre / dei med foreldreansvar.

Helsepersonell avklarer med pasienten kven av dei pårørande som kan informerast, og held seg til desse. Anna familie og venner må vende seg direkte til pasient og / eller næraste pårørande for informasjon.

Dersom pasienten ikkje er i stand til å ivareta sine interesser, har næraste pårørande rett til å bli informert.

Les meir om vern av din helseinformasjon, unntak og brot på teieplikta (helsenorge.no)

Sist oppdatert 25.09.2017