Utanlandsbehandling

Ein pasient kan etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-4a, 2. ledd ha rett til å få dekt behandling i utlandet dersom:   1. pasienten har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta og 2. det ikkje finst eit tilbod i Noreg eller helsehjelpa i utlandet er dokumentert meir verknadsfull enn det som vert tilbydd av det offentlege i Noreg.

Dette betyr at eksperimentell eller utprøvande behandling som hovudregel ikkje vert dekt.
Lang ventetid gir heller ikkje rett til behandling i utlandet etter denne ordninga.
Legemiddel / metodar som er beslutta ikkje innførd i Noreg, vert ikkje godkjent, jf spesialisthelsetjenesteloven § 4-4.

Det er vanlegvis sjukehuslegen som søkjer, men også fastlege, pasient eller andre med fullmakt frå pasienten kan søke om behandling i utlandet.

Det er mulig å søke om refusjon av utgifter i etterkant av behandling, men det er tilrådd å søke på førehand. I motsett fall risikerer pasienten å måtte dekke alle kostnader til behandling, reise og opphald sjølv. 

Pasienten vil i slike tilfelle heller ikkje ha rett på erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) ved feilbehandling.  

Ved avslag på søknad, er det høve til å klage til den nasjonale Klagenemnda for utanlandsbehandling. 

 

Eining for utanlandsbehandling i Helse Vest har ansvar for behandling av søknader frå pasientar som er folkeregistrert i Rogaland og Vestland.

 

Søknadsskjema:

Last ned skjemaet for å fylle ut elektronisk.

Download the form to fill in electronically.

 

Rettleiing:

 

Randi Rune, 55 97 69 29
Pål Farsund, 55 97 07 56

Adresse:
Eining for utanlandsbehandling 
Helse Bergen HF
Postboks 1400
5021 Bergen​​

    ​​​

    ​​

    Sist oppdatert 10.09.2023