Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid
Haukeland universitetssjukehus skal bidra til å betre folkehelsa og førebyggje sjukdom ved å vere helsefremjande i all si verksemd. Pasientar og pårørande skal møte tilsette som evner å integrere førebygging og helsefremjing i arbeidet sitt.
Mål i strategien
Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane.Haukeland universitetssjukehus skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, kompetanseutveksling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all si verksemd.
Haukeland universitetssjukehus skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.Innsatsområder
Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid (pdf)
Innsatsområder
Med bakgrunn i føringar, identifiserte utfordringar og føretaket sin kompetanse, ressursar og moglegheiter, skal strategien gi retning for Haukeland universitetssjukehus sin innsats innanfor førebygging og helsefremjing både på individ- og systemnivå.
Dei områda som blir løfta fram i denne strategien rettar seg inn mot:
Dei områda som blir løfta fram i denne strategien rettar seg inn mot:
- Levevanar
- Rettidig behandling
- Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade
- Kompetanseutveksling
- Forsking og innovasjon
- Datamateriale og medisinske register
- Helsefremjande profil
Sist oppdatert 22.03.2023