Mål 6

Eldre pasientar får heilskapleg og nyttig helsehjelp tilpassa deira behov

Eldre pasientar vil dei neste 30 åra utgjere ein større del av pasientane. Dei eldre har ofte fleire og samansette sjukdommar, og utgjer ein stor del av dei 10 prosentane som brukar meir enn halvparten av liggedøgna i sjukehuset.

Sykepleier og eldre mannlig pasient til dialysebehandling. Foto

Sjølv om det er grunn til å tru at fleire eldre vil halde seg friske langt inn i alderdommen, må vi legge til grunn at ei aldrande befolkning vil ha auka behov for helsetenester. Fleire vil leve med langvarig sjukdom og få svekka hjernehelse. Vi legg også til grunn at fleire eldre vil søke hjelp for psykisk sjukdom og russjukdom. Det vil krevje meir personell i både kommunane og alle deler av spesialisthelsetenesta. I tillegg til å rekruttere og behalde kompetent helsepersonell, må vi sjå på nye måtar å organisere tenesta på. Også denne pasientgruppa skal vi ha særleg merksemd på i helsefellesskapet.

Det er behov for å styrke kompetansen slik at eldre pasientar får den heilskaplege helsehjelpa dei ofte treng. Sjukehuset må sørge for tilstrekkeleg kapasitet til å gi eit forsvarleg og omsorgsfullt tilbod til den store delen eldre som vil trenge spesialisthelsetenester framover. Samhandling med kommunane er avgjerande, og desentralisering av spesialisthelsetenestene er mogleg også her. Videokonsultasjonar der pasient, sjukeheims- eller fastlege og lege på sjukehuset deltek, er eit eksempel på korleis ein kan gi helsetenester der pasienten bur.

Tiltak for å nå dette målet må bli utarbeidd i nivå 2- einingane sine handlingsplanar og i felles handlingsplan med kommunane. Seksjon for samhandling vil støtte opp under forbetringsarbeid i nivå 2-einingane. I tillegg skal vi følge opp prosjektrapporten «Organisering og styrking av geriatrisk kompetanse på HUS» (2021). 

  • ​Prosentdel epikrisar sendt er i høve til nasjonal målsetting
  • Ernæringsmålinga viser betra resultat
  • Eldre pasientar blir vurdert med kliniske skåringssystem for grad av forvirring og kor skrøpelege dei er ved innlegging
  • Alvorleg sjuke eldre har kontaktlege/psykolog
  • Videokonsultasjonar der pasient, sjukeheims- eller fastlege og spesialist deltek aukar
  • Pasienterfaringar​ (intern lenke) viser at eldre pasientar er fornøgde med tilbodet 
  • Årlege gjennomgang av avviksmeldingar mellom kommunane og Haukeland universitetssjukehus blir følgt opp
  • Årleg evaluering av felles handlingsplan med dei 18 kommunane blir følgt opp

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

    Sist oppdatert 29.08.2023