Haukeland universitetssjukehus i 2035
Det overordna målet for Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF, er at vi skal ha dyktige, engasjerte medarbeidarar som saman med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar utviklar sjukehuset slik at vi leverer helsetenester av høg kvalitet til dei som treng det no - og i 2035.
Slik er Haukeland universitetssjukehus i 2035
- Haukeland universitetssjukehus er leiande i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning
- Våre tenester heng saman med kommunane sine og pasientane får helsehjelp på rett nivå til rett tid
- Pasientar og pårørande får kunnskap og verktøy som gjer at dei kan ta vare på eiga helse
- Barn og unge får tilpassa og heilskaplege helsetenester av god kvalitet i rett tid
- Pasientar med psykisk sjukdom og russjukdom får tenester som heng saman og aukar levealderen deira
- Eldre pasientar får heilskapleg og nyttig helsehjelp tilpassa deira behov
- I poliklinikkane får pasientane koordinerte, føreseielege og fleksible tenester
- Sengepostane har høg kvalitet i pasientbehandlinga, rett dimensjonering og god drift
- Vi har operasjons- og intensivkapasitet til pasientane som treng slik behandling
- Laboratorie- og radiologitenester sørger for at pasientane får presis diagnostikk og effektiv behandling
- CO2e-utsleppa våre er redusert med 40 prosent innan 2030 og vi har tiltak som gjer oss klimanøytrale innan 2045
Kompetente medarbeidarar som er trygge, trivst og medverkar til eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for å nå alle måla.
Meir informasjon om grunngjeving for alle måla, kor du finn tiltaka og korleis vi veit at vi er på rett veg finn du under kvart av måla i oversikta under:
Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre
Sist oppdatert 07.06.2023