Vi vil få stadig fleire pasientar i forløp når levealderen aukar og det kjem fleire behandlingsmoglegheiter. Omfanget av spesialistvurderingar og polikliniske kontrollar er for høgt i nokre einingar. Vi må redusere uønskt variasjon i tilbodet. Det blir viktig å ha tilstrekkeleg kapasitet i sjukehuset, at løysingane er fleksible for pasientane og det må leggast til rette for digitale løysingar som effektiviserer drifta av poliklinikkane.
Vi skal samarbeide med dei tillitsvalde for å finne løysingar slik at poliklinikkareal og kostbart utstyr blir brukt fleire timar i døgnet. Dette vil betre tilgjengelegheita på tenestene våre slik at pasientane sine ønske om meir fleksibilitet blir møtt. Meir langsiktig planlegging er bra for både pasientane og medarbeidarane. Det gir tryggleik for pasientane og kan redusere meirarbeid i poliklinikkane. Samordning av aktivitetar og ressursar bidrar til å sikre heilskapleg pasientbehandling og at medarbeidarane får brukt kompetansen sin godt.
Digitale skjema, andre former for digital dialog og datafangst frå medisinsk-teknisk utstyr har eit stort potensial i poliklinikkane. Det er stor tru på at digitale hjelpemiddel og kommunikasjon vil bli viktig for effektiv poliklinikkdrift framover. På grunnlag av dette vil vi kunne vurdere kven som treng å kome til fysisk konsultasjon. Særleg pasientar med langvarig sjukdom vil kunne ha stort utbytte av å overvake eigen sjukdom på denne måten.