Mål 1
Leiande i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning
Som regionssjukehus har vi ei viktig rolle i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning: Vi vil vere ein pådrivar for desse oppgåvene i Helse Vest.

Kvart år rammar psykisk sjukdom over ein million menneske i Noreg. Forskingssenteret Forhelse har som mål å auke bruken og effekten av digitale psykiske helsetenester for å auke tilgang til tenestene.

CAMRIA - nytt forskingssenter i kampen mot antibiotikaresistens
Senteret skal forske på korleis og kvifor resistens blir utvikla og blir spreidd, og korleis ein kan redusere unødvendig bruk av antibiotika.

Satsar stort på nytt diabetes-senter
Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Trond Mohn stiftelse går saman om opprettinga av eit diabetes-senter, med mål om å utvikle skreddarsydd behandling til diabetes-pasientar.

Protonsenteret
Frå 2024 vil aktuelle kreftpasientar frå heile landet kunne få protonterapi - ein meir presis og skånsom strålebehandling - ved Radiumhospitalet i Oslo og ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Neuro-SysMed
Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi med visjon om å å dekode dei molekylære fingeravtrykka av dei alvorlege hjernesjukdommane Alzheimers, Parkinsons, amyotrofisk lateralsklerose (ALS) og multippel sklerose (MS) - og gjennom dette bane vei for presisjonsmedisin.

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre
- Leiande i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning
Som regionssjukehus har vi ei viktig rolle i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning: Vi vil vere ein pådrivar for desse oppgåvene i Helse Vest.
- Våre tenester heng saman med kommunane sine og pasientane får helsehjelp på rett nivå til rett tid
Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen.
- Pasientar og pårørande får kunnskap og verktøy som gjer at dei kan ta vare på eiga helse
Utfordringsbiletet gjer at vi må levere tenester på nye måtar framover. Vi vil styrke pasientane sine moglegheiter til å ta vare på eiga helse.
Sist oppdatert 07.09.2023