Overordna føringar for utviklingsplanen
Utviklingsplan 2035 for Haukeland universitetssjukehus er del av eit planhierarki. Den tar utgangspunkt i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023 og Helse Vest RHF sin regionale strategi og utviklingsplan, Helse2035.

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre
- Leiande i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning
Som regionssjukehus har vi ei viktig rolle i pasientbehandling, medisinsk utvikling, forsking og utdanning: Vi vil vere ein pådrivar for desse oppgåvene i Helse Vest.
- Våre tenester heng saman med kommunane sine og pasientane får helsehjelp på rett nivå til rett tid
Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen.
- Pasientar og pårørande får kunnskap og verktøy som gjer at dei kan ta vare på eiga helse
Utfordringsbiletet gjer at vi må levere tenester på nye måtar framover. Vi vil styrke pasientane sine moglegheiter til å ta vare på eiga helse.
Sist oppdatert 29.08.2023