Vi fangar ikkje opp tverrgåande problem på ein god nok måte slik vi til no har innretta oss. Vi gir gode enkelttilbod, men dei heng ofte ikkje godt nok saman.
Det er påvist at pasientar med alvorleg psykisk sjukdom og/eller alvorleg russjukdom i gjennomsnitt døyr 20 år før andre grunna somatisk sjukdom. Vi har tru på at denne pasientgruppa får betre helse og livskvalitet og fleire leveår ved tidleg oppdaging, diagnostikk, behandling og oppfølging av sjukdom som svarar til dei samansette behova dei har. For å nå dette målet er det viktig med betre samhandling mellom psykisk helsevern, rusmedisin og somatiske avdelingar internt. I tillegg er det viktig med betre samhandling mellom sjukehuset og kommunehelsetenesta, skule, arbeidsliv og andre arenaer som kan bidra til betre helse og livskvalitet for denne pasientgruppa. Vi vil gi pasientar med psykisk sjukdom og russjukdom særleg merksemd i helsefellesskapet.