Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 5

Pasientar med psykisk sjukdom og russjukdom får tenester som heng saman og aukar levealderen deira

Fleire av pasientane våre har helseproblem som går på tvers av rus, psykisk helsevern og somatikk.

Ansatt med pasient på treningsrom. Foto

Vi fangar ikkje opp tverrgåande problem på ein god nok måte slik vi til no har innretta oss. Vi gir gode enkelttilbod, men dei heng ofte ikkje godt nok saman.

Det er påvist at pasientar med alvorleg psykisk sjukdom og/eller alvorleg russjukdom i gjennomsnitt døyr 20 år før andre grunna somatisk sjukdom. Vi har tru på at denne pasientgruppa får betre helse og livskvalitet og fleire leveår ved tidleg oppdaging, diagnostikk, behandling og oppfølging av sjukdom som svarar til dei samansette behova dei har. For å nå dette målet er det viktig med betre samhandling mellom psykisk helsevern, rusmedisin og somatiske avdelingar internt. I tillegg er det viktig med betre samhandling mellom sjukehuset og kommunehelsetenesta, skule, arbeidsliv og andre arenaer som kan bidra til betre helse og livskvalitet for denne pasientgruppa. Vi vil gi pasientar med psykisk sjukdom og russjukdom særleg merksemd i helsefellesskapet.

Konkretisering av tiltak for å nå målet ligg delvis i prosjekt Psykisk helsevern for framtida (intern lenke), i Arealdelplanen 2023-2027 (PDF)​ og delplan forsking og innovasjon 2023-2026 (PDF). Tiltak blir også utarbeidd i handlingsplanane for nivå 2-einingane, både i somatiske avdelingar, i psykisk helsevern og i avdeling for rusmedisin. Tiltak for å nå målet blir også utarbeidd saman med dei 18 kommunane i felles handlingsplan​​.

  • Analysar av levealder for alvorleg psykisk sjuke viser færre tapte leveår
  • Utviklinga i ventetider og omfanget av avslag på tilvisingar viser lettare tilgang til tenester
  • Prosentdel epikrisar sendt er i høve til nasjonal målsetting
  • Måla for utvikling av felles akuttmottak og andre tverrfaglege einingar, er nådd
  • Årleg gjennomgang av avviksmeldingar mellom kommunane og Haukeland universitetssjukehus blir følgt opp
  • Årleg evaluering av felles handlingsplan med dei 18 kommunane blir følgt opp

Tettare samarbeid mellom psykisk helsevern og rusmedisin

Korleis kan eit tettare samarbeid mellom psykisk helsevern og rus bidra til eit betre og meir samanhengande behandlingstilbod for desse pasientane?
Les meir om prosjektet
bildecollage av 5 ansikter

Erfaringspanel for psykisk helse og rus

Brukarane av våre tenester har levde erfaringar som helsevesen, brukarar og pårørande treng. Vi har eit eige erfaringspanel for psykisk helse og rus som ivaretar at erfaringskompetansen til brukarar og pårørande blir høyrd.
Les meir om Erfaringspanelet
Gruppe menneske rundt møtebord.

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sist oppdatert 29.08.2023