Pasientane lever liva sine heime, i kommunane. Nærmiljø med gode vilkår for velferd, deltaking, helse og meistring dempar behovet for helsetenester. Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen. Derfor må tenestene henge saman og overgangane mellom tenestenivåa vere gode. Kommunar og sjukehus deler utfordringane knytt til ei aldrande befolkning og tilgang til helsepersonell, samtidig som forventningane hos innbyggarane aukar. For å nå målet må vi saman forbetre og fornye tenestene.
Det har i gjennom mange år vore eit mål å førebygge for å redusere veksten i bruk av helsetenester. Likevel ser vi at talet på konsultasjonar aukar både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta. Vi må saman vidareutvikle førebyggande tiltak for å bruke dei samla ressursane våre godt og klare å gi helsehjelp til rett tid.
Samarbeid for å sikre tilstrekkeleg kompetanse på begge nivåa og utvikling av digital samhandling mellom kommunane og sjukehus, blir viktig framover. Pasientane skal bli høyrde når vi tek i bruk teknologiske løysingar og når vi utviklar pasientforløp som bind tenestene våre saman. Prehospitale tenester er ein nøkkel i gode akuttforløp, der samhandling mellom kommunane, sjukehuset og frivillige aktørar gir tenester på rett nivå til rett tid.