Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mål 2

Våre tenester heng saman med kommunane sine og pasientane får helsehjelp på rett nivå til rett tid

Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen.

Ambulansebåt ligg til kai i Austevoll med bro i bakgrunnen. Foto

Pasientane lever liva sine heime, i kommunane. Nærmiljø med gode vilkår for velferd, deltaking, helse og meistring dempar behovet for helsetenester. Pasientar som treng spesialisthelsetenester vil ofte også trenge helse- og omsorgstenester i heimkommunen. Derfor må tenestene henge saman og overgangane mellom tenestenivåa vere gode. Kommunar og sjukehus deler utfordringane knytt til ei aldrande befolkning og tilgang til helsepersonell, samtidig som forventningane hos innbyggarane aukar. For å nå målet må vi saman forbetre og fornye tenestene. 

Det har i gjennom mange år vore eit mål å førebygge for å redusere veksten i bruk av helsetenester. Likevel ser vi at talet på konsultasjonar aukar både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta. Vi må saman vidareutvikle førebyggande tiltak for å bruke dei samla ressursane våre godt og klare å gi helsehjelp til rett tid.

Samarbeid for å sikre tilstrekkeleg kompetanse på begge nivåa og utvikling av digital samhandling mellom kommunane og sjukehus, blir viktig framover. Pasientane skal bli høyrde når vi tek i bruk teknologiske løysingar og når vi utviklar pasientforløp som bind tenestene våre saman. Prehospitale tenester er ein nøkkel i gode akuttforløp, der samhandling mellom kommunane, sjukehuset og frivillige aktørar gir tenester på rett nivå til rett tid.  

Tiltak for å nå målet blir utarbeiddd saman med dei 18 kommunane i felles handlingsplan. Nivå 2-einingane vil operasjonalisere målet i sine handlingsplanar, og Seksjon samhandling støttar opp under forbetringsarbeidet i nivå 2-einingane knytt til samhandlinga med kommunane. Prehospital plan 2018-2035​ (PDF)​ skal sikre at pasientane får rask og kompetent akuttmedisinsk hjelp frå spesialisthelsetenesta når dei treng det.

  • ​Ventetida er i tråd med nasjonal målsetting
  • Prosentdel epikrisar sendt er i høve til nasjonal målsetting
  • Responstider i ambulansetenesta er i samsvar med nasjonale målsettingar
  • Alvorleg sjuke pasientar har kontaktlege/-psykolog
  • Pasientar som skal ha det, får oppretta individuell plan
  • Årleg gjennomgang av avviksmeldingar mellom kommunane og sjukehus blir følgt opp
  • Årleg evaluering av felles handlingsplan med dei 18 kommunane blir følgt opp

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset.
Les meir om avansert heimesjukehus
Far og datter sitter ved kjøkkenbord sammen med sykepleier kledd i blå uniform. Foto

Samlokalisering av helsetenester

I Region Nordhordland Helsehus (RNH) finn du kommunale, fylkeskommunale og spesialiserte helsetenester under same tak, og samarbeidet skal gi betre helse og tryggleik for innbyggarar.
Les meir om tenestetilbodet vårt i RNH
Eksteriør Region Nordhordland Helsehus. Foto

Haukeland universitetssjukehus i 2035 | Måla våre

Sist oppdatert 29.08.2023