Det er planar for å auke og modernisere kapasiteten i åra som kjem. Tilstrekkeleg postoperativ kapasitet og kapasitet for intensivbehandling, er vesentleg for å handtere veksten i kirurgi.
For å vere rusta for beredskapssituasjonar har vi oppdaterte planar for korleis sjukehuset kan utvide intensivkapasiteten både når det gjeld areal, utstyr og kompetanse.
Det er potensial i å bruke operasjonsstover og -personell betre gjennom døgnet og veka. Endra oppgåvedeling og nye bemanningsløysingar er vesentlege for å få til dette. Det er nødvendig å ta i bruk fleire typar kompetanse for å sikre tilstrekkeleg kapasitet både på operasjonsstovene og i postoperativ- og intensivfunksjonen. Utviding av postoperativ kapasitet kan også bidra til å auke dagkirurgisk aktivitet ved sjukehuset.
Prioritering av ressursane til dei rette pasientane vil bli viktigare i operasjonsverksemda i åra som kjem. Prioritering i form av kva behandling vi skal tilby må til, når utviklinga aukar behovet og moglegheitene i det kirurgiske tilbodet ved regionsjukehuset. Prioriteringa må skje innan og på tvers av fagområda, både på systemnivå og i det daglege. Kloke val for å hindre overbehandling er viktig også i operasjonsverksemda.