Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En gruppe mennesker i et rom

Våre internasjonale samarbeid

Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) vart etablert i 2003 og har sidan den gong koordinert dei internasjonale prosjekta ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS).

Kontakt oss

Meir enn 30 avdelingar og einingar ved HUS er engasjert i internasjonale helseprosjekt og det er til ein kvar tid 15-20 tilsette på utveksling mellom samarbeidssjukehusa.

Avdelinga er administrativt ansvarleg for prosjekta og har personellansvar for dei utstasjonerte, mens dei kliniske avdelingane har det faglege ansvaret. AIS assisterer fagavdelingane med søknadsskriving og rapportar til eksterne donorar, og har oppdatert informasjon om alle landa vi er involvert i. AIS har også den offisielle kommunikasjonen med donorar og dei Norske Ambassadane i utlandet.

Det internasjonale arbeidet er forankra i styret til Helse Bergen HF gjennom ein ny vedtatt strategi for internasjonalt samarbeid frå november 2017. Denne erstattar strategiplanane frå 2010 og 2013 og fokuserer meir på kompetansebygging i eit vinn-vinn perspektiv for alle dei involverte institusjonane. Målsettinga til avdelinga er å ha eit fagleg breitt, internasjonalt engasjement mot utvalde partnarsjukehus i Afrika og Asia.

Sjå strategien for internasjonalt samarbeid her

Arbeidet er stort sett finansiert gjennom eksterne donorar, men sidan 2010 har AIS mottatt ein årleg tildeling av midlar frå HUS for å støtte dei internasjonale engasjementa.

Haukeland Universitetssjukehus er også ein partnar i Global Health Norway som er eit nettverk med dei største norske institusjonane innan utdanning, helse og forsking som også involverer seg i globale helseaktivitetar innan kompetansebygging, utdanning og forsking.

Sist oppdatert 19.05.2025