Mohn-familien
Mohn-familien er og har vore ein viktig og avgjerande støttespelar for det internasjonale engasjementet ved Haukeland universitetssjukehus (HUS). Deira støtte har hatt stor innverknad på utviklinga av helsetenestene ved våre partnarsjukehus, både gjennom betra infrastruktur, styrking av lokal helsefagleg kompetanse, utdanning av spesialistar og klinisk opplæring gjennom kollegastøtte frå HUS.
Trond Mohn har donert over 200 millionar kronar til ulike tiltak i Malawi, Etiopia og på Zanzibar. Denne støtta har resultert i betre og moderne sjukehusfasilitetar, eit titals nye spesialistar, utvida helsetilbod og mykje nytt utstyr som styrkjer pasientbehandling ved våre partnarsjukehus.
Marit Mohn har støtta med om lag 30 millionar kronar til både utdanning av sjukepleiespesialistar og nye sjukehusbygg knytt til det nye traumesjukehuset i Malawi.
Louise Mohn har bidrege med om lag 40 millionar kronar til vidareutdanning av malawisk helsepersonell og ho har fullfinansiert ein ny rehabiliteringsklinikk i tilknyting til traumesjukehuset i Malawi.
Du kan lese meir om eit utval av støtta nedanfor.