MMH er det einaste sjukehuset med spesialisthelseteneste på Zanzibar, og har den største avdelinga for obstetrikk og gynekologi. I 2019 vart det født 14 832 babyar, kor 15 % vart født med keisarsnitt. I åra framover er det venta at talet på fødslar vil stige til om lag 17 000.
SYS-prosjektet har som mål å auke kompetansen innan obstetrikk og operativ forløysing, ultralyd og fostermedisin, generell gynekologi og endometriose (med både open og minimalt invasiv kirurgisk behandling), fistelkirurgi og førebygging, samt diagnostikk og behandling av gynekologisk kreft. Dette skal skje gjennom innkjøp av utstyr, grundig opplæring i bruk og vedlikehald, ‘’surgical camps’’ med spesialistar innan ulike felt, noko forsking, og det er eit mål om å etablere eit masterprogram for spesialisering i gynekologi og obstetrikk.