Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Infrastruktur i Malawi

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har sidan 2007 hatt eit samarbeid med Kamuzu Central Hospital (KCH) i Lilongwe, Malawi, innan ortopedi og kirurgi. Etter kvart har samarbeidet også omfatta radiologi, anestesi, fysioterapi og ergoterapi.

I perioden 2008–2014 samarbeidde HUS med både KCH og Bwaila Hospital innan mødrehelse og barnekirurgi. I samarbeid med det irske initiativet The Rose Project stod Trond Mohn for ein omfattande innsats ved hovudsjukehuset KCH. Dei bidrog med finansiering til eit nytt Bwaila District Hospital (mor-barn-sjukehus), komplett med naudsynt medisinsk utstyr. I tillegg fekk KCH nytt kirurgisk utstyr, noko som førte til eit stort løft i behandlinga av ortopediske pasientar.

Mohn var òg med på å finansiere etableringa av eit spesialistutdanningsprogram for helsepersonell frå Malawi innan ortopedi, generell kirurgi og operasjonssjukepleie. Då HUS starta samarbeidet i 2008, var det heile 15 år sidan KCH hadde hatt tilgang på ein ortoped. Ortopediske pasientar vart då behandla med gammaldags traksjon i månadsvis, ofte ved å fylle eit putevar med stein eller blylodd – i staden for moderne fiksasjon av brot.

I dag får ortopediske pasientar behandling ved det nye Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION). LION opna offisielt i april 2023 med ein flott folkefest der både Trond Mohn og Marit Mohn med følgje, samt Mr. Lazarus Chakwera, presidenten i Malawi, var til stades. Som største donor var Louise Mohn med under opninga av rehabiliteringsbygget i januar 2024, og opna bygget saman med Mrs. Khumbize Kandodo Chiponda, helseministeren i Malawi.

Både Trond, Marit og Louise Mohn har vore heilt avgjerande for realiseringa av LION. Alle bygga, utstyr til operasjonsstova, radiologibygget og rehabiliteringsbygget, og utdanning av spesialistar har vore eit spleiselag med Mohn-familien i spissen, AO Alliance Foundation, og Health Sector Joint Fund (HSJF), der mellom anna Noreg har bidratt med midlar.

I Noreg, med ein befolkning på om lag 5 millionar, opererast det årleg over 7000 pasientar med hofteprotesar. Det er flest eldre pasientar som får operasjon, og dei opplever ofte ein betydeleg forbetra livskvalitet. I Malawi, med om lag 22,2 millionar innbyggjarar (per august 2025), var det fram til 2014 berre eitt privatsjukehus som tilbydde slike operasjonar. Pasientane, som oftast yngre menneske i arbeidsfør alder,  mista gjerne arbeidet grunna hoftelidinga. Effekten av ein hofteproteseoperasjon vart derfor stor, ikkje berre for den einskilde, men også for familien og samfunnet, ettersom den opererte igjen vart arbeidsfør og kunne bidra som forsørgjar.

I juni 2014 gjennomførte KCH for første gong hofteproteseoperasjonar. 20 pasientar vart opererte av lokale kirurgar under rettleiing frå to kirurgar ved HUS. Dette vart gjenteke årleg fram til 2023 (med unntak av 2021 grunna pandemien). Målet var at lokale kirurgar skulle kunne gjennomføre slike operasjonar på eiga hand, og at KCH skulle kunne tilby eit fullverdig offentleg tilbod om hofteproteseoperasjonar til lokalbefolkninga i Malawi. Prosjektet hadde ikkje vore mogleg utan støtta frå Trond Mohn til innkjøp av naudsynt utstyr, og leverandøren av hofteprotesane, Smith & Nephew, som gjekk med på å opprette eit konsesjonslager i Malawi med kontinuerleg tilgang på implantat. I dag tilbyr LION slike operasjonar både til pasientar dekka av det offentlege og til andre betalande pasientar.

Det nevrokirurgiske tilbodet vert framleis gitt ved hovudsjukehuset KCH, og i 2024 fekk dei eit nytt operasjonsmikroskop frå Trond Mohn. Mikroskopet vil bli flytta til LION når intensivavdelinga opnar endeleg i 2026.

Sist oppdatert 24.09.2025