Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Infrastruktur på Zanzibar

I 2011 starta Haukeland universitetssjukehus (HUS) eit utvekslingsprosjekt med Mnazi Mmoja Hospital (MMH), og det vart mellom anna sendt ein barnesjukepleiar frå HUS for 12 månaders hospitering på Zanzibar. Det vart raskt tydeleg at fasilitetane ikkje var optimale for å gje god pasientbehandling eller drive effektiv opplæring for dei lokalt tilsette.

I 2012 starta samtalar med den norske ambassaden i Dar es Salaam, Tanzania, som ønskte å støtte bygginga av ei ny barneklinikk ved MMH. Midlane frå ambassaden var diverre ikkje nok til å fullfinansiere bygg og utstyr, og HUS tok derfor kontakt med Trond Mohn, som raskt sa ja til å bidra med midlar for å starte bygginga. I 2016 opna dermed ein heilt ny barneklinikk på Zanzibar, og i same bygg fekk dei eit nytt dialysesenter.

Under opninga av den nye barneklinikken vitja Trond Mohn det gamle psykiatriske sjukehuset, Kidongo Chekundu Mental Hospital (KCH), saman med sjukehusdirektør ved HUS, Eivind Hansen. Deira umiddelbare reaksjon var: Her må vi gjere noko! I samarbeid med helseministeriet på Zanzibar (Ministry of Health, MoH) tok Mohn initiativ til å byggje nye sjukehusfasilitetar og starte utdanning av fleire spesialistar. Det nye bygget stod ferdig i 2021, og saman med Divisjon for psykisk helsevern ved HUS vart det utarbeidd ein god plan for vidareutvikling av behandlingstilbodet til pasientane.

Under opninga vart det òg diskutert kva ein skulle gjere med dei gamle fasilitetane. Etter forslag frå prosjektgruppa ved Divisjon for psykisk helsevern vart det bestemt å gjere lokalane om til eit dagsenter for pasientar. Dette arbeidet vart fullført allereie i 2022, og i dag får pasientane tilbod om ulike praktiske aktivitetar som kunstmaling, musikkterapi, henna-tatovering, keramikk, jordbruk, snekring og saum/veving.
I forlenginga av støtta til spesialistutdanning og kompetansebygging valde Trond Mohn å vere med på bygginga av eit ferdigheitssenter (Skills Centre).

Ferdigheitssenteret er både eit kurs- og konferansesenter og eit treningssenter der det kan øvast på praktiske ferdigheiter. Bygget stod klart hausten 2024, og det første kurset vart gjennomført i november, samstundes som bygget vart overrekt til helseministeriet på Zanzibar (MoH).

Satsinga på psykiatri på Zanzibar har vore særs vellukka, og vi ser ein markant nedgang i stigma knytt til mental helse. For å vidareutvikle helsetilbodet på Zanzibar vart det foreslått å støtte bygginga av eit eige psykiatrisk sjukehus på Pemba Island. Tidlegare har alvorleg sjuke pasientar måtte reise til hovudøya Unguja Island for behandling, ei reise som kan vere krevjande og belastande for dei sjukaste. Bygginga av det nye sjukehuset på Pemba er finansiert 50/50 av Trond Mohn og helseministeriet på Zanzibar, og grunnsteinen vart lagd hausten 2024.

Sist oppdatert 24.09.2025