Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Norec Sør-Afrika 2025-28

Sør-partnar: Dr George Mukhari Academic Hospital (DGMAH) og Sefako Makgatho Health Sciences University (SMU)

Fagområde: Traume- og akuttmedisin

Sør-Afrika er diverre prega av høg førekomst av traume, både trafikkulukker, arbeidsulukker og vald, og DGMAH handterer ein enorm mengde traumepasientar årleg. Dei har behov for støtte frå HUS til å forbetre mottaket av innkomne pasientar, utvikle gode rutinar for å ta betre vare på dei tilsette og organisering av traumeteam (MDT, multidisiplinary team). På HUS har vi eit godt fungerande traumemottak, og i Sør-Afrika får våre tilsette omfattande mengdetrening i å handtere mellom anna store trafikkulukker, kniv- og skotskadar, og andre komplekse medisinske tilstandar som ubehandla diabetes og rabdomyolyse.

Sist oppdatert 24.09.2025