Norec Zanzibar 2025-28
Sør-partnar: Mnazi Mmoja Hospital (MMH)
Fagområde: Pediatri, psykiatri og indremedisin
Trass i ulike føresetnadar, står helsevesenet i både Noreg og på Zanzibar overfor mange av dei same utfordringane, som mangel på helsepersonell og aukande helsekostnadar. Ved Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar er talet på fødslar langt høgare enn ved Haukeland universitetssjukehus (HUS), men begge sjukehusa opplever konsekvensane av ei aldrande befolkning og meir komplekse sjukdomsbilete. Globaliseringa førar òg med seg nye utfordringar knytt til fleire livsstilssjukdommar og eit aukande behov for betre kulturforståing. Ein berekraftig løysning krev helsearbeidarar med høg fagleg kompetanse, erfaring med å behandle uvanlege og langt framskridne sjukdommar, innsikt i etiske refleksjonar og gode evnar til å prioritere knappe ressursar.