Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

NORHED-programmet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har gjennom åra vore partnar i fleire Norad-finansierte prosjekt. Norad er eit forvaltings- og fagorgan for utviklingssamarbeid og støttar Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet med å nå måla for norsk utviklingspolitikk og å fremje berekraftig utvikling. Du kan lese meir om Norad her.

I dag er HUS partnar i eit NORHED-program (The Norwegian Programme for Capacity Development in Higher Education and Research for Development) som har mål om å styrkje kvaliteten, kapasiteten og kompetansen hos våre partnarar i Malawi gjennom eit nord-sør-sør samarbeid. Du kan lese meir generelt om NORHED-program her.

Om du ønsker meir informasjon om kva, kvifor og korleis Norad jobbar med å styrkje høgare utdanning og forsking kan du trykkje her (link til ekstern side).

‘’Consolidating Training and Research in Surgery and Related Specialities’’

Om lag 5,8 millionar menneske døyr kvart år som følgje av skadar. For kvar pasient som døyr, overlever om lag 20, men med ein varig funksjonsnedsetting (Peden, 2004). Trafikkskadar er allereie ei leiande dødsårsak for unge mellom 15 og 29 år globalt (WHO 2015), og har stor påverknad på samfunnet rundt dei som er ramma. Afrika har 24% av den globale sjukdomsbyrda, men har berre 3% av helsearbeidarane og mindre enn 1% av helsekostnadane.

NORHED-prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB), som er koordinerande partnar, Haukeland universitetssjukehus (HUS), University of Malawi-College of Medicine (COM), Queen Elizabeth Central Hospital (QECH) og Kamuzu Central Hospital (KCH). Det byggjer vidare på resultata frå det fyrste prosjektet og har som mål å styrkje kapasiteten på sjukehusa gjennom utdanning av 34 nye spesialistar i radiologi, generell kirurgi, anestesi, ortopedi og nevrokirurgi. I tillegg vert fire PhD stipendiatar støtta.

Å utdanne helsepersonell i Afrika har vore utfordrande då mange afrikanske legar som får stipend for spesialistutdanning i utlandet, ofte ikkje kjem tilbake (Karekezi et al., 2020). Malawi var tidlegare eitt av dei landa som var hardast råka av «brain drain» i helsesektoren. Nyare forsking viser at den viktigaste faktoren for å motverke dette er å etablere spesialistutdanning i heimlandet (Hagander et al., 2013). Ved å etablere spesialistutdanning innan kirurgiske fag i Malawi, har eit aukande tal unge malawiske legar blitt verande i landet i dei fem åra utdanninga varer. I heile denne perioden har dei behandla malawiske pasientar, og har slik også vore med på å betre det kirurgiske helsetilbodet i eige land. Etter at det vart etablert spesialistutdanning i Aust-, Sentral- og Sør-Afrika gjennom College of Surgeons of East, Central and Southern Africa (COSECSA), har over 90 % av dei ferdigutdanna kirurgane blitt verande i Afrika, og så langt 100 % i Malawi (Hutch, 2017).

For at QECH og KCH skal vera godkjent som utdanningsinstitusjon innan dei aktuelle fagområda, må det vere ein overlege/spesialist til stades til ein kvar tid. Som ein del av programmet er det derfor midlar til å støtte ein personellbru mellom Etiopia og Malawi. Spesialistar frå Black Lion Hospital/Tikur Anbessa Specialized Hospital (BLH/TASH) reiser til Malawi for å arbeide klinisk og samstundes rettleie dei nye spesialistane ved QECH og KCH. Spesialistar innan anestesi og radiologi frå BLH/TASH er finansiert gjennom NORHED-programmet, medan spesialistar innan ortopedi og nevrokirurgi er støtte av Trond Mohn.

‘’Capacity Building in Postgraduate Surgical Training and Research in Malawi’’

Det første NORHED-programmet var eit samarbeid mellom University of Malawi-College of Medicine (COM) som hadde rolla som den koordinerande partnar, Universitetet i Bergen (UiB), Haukeland universitetssjukehus (HUS), Queen Elizabeth Central Hospital (QECH) og Kamuzu Central Hospital (KCH).

Resultata frå programmet viser at det vart publisert 127 fagfellevurderte artiklar, og i løpet av prosjektperioden fekk 19 nye spesialistar godkjend utdanninga, medan ytterlegare 16 spesialistar vart godkjende i etterkant med finansiering frå andre kjelder. I tillegg fekk fire PhD kandidatar godkjend doktorgradsavhandlinga si.

Sist oppdatert 24.09.2025