Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk etikk i Etiopia

Eit prosjekt med fokus på forsking og kompetansebygging innan medisinsk etikk starta i 2012 mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Addis Ababa University (AAU) i Etiopia. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiB, AAU og Haukeland Universitetssjukehus (HUS), og med finansieringa frå mellom anna HUS er det no etablert ein medisinsk etisk komité ved Black Lion Hospital (BLH) i Etiopia.

Biblioteksbygningen på Black Lion Hospital huser også kontorene til Medisin-etisk komitee
Den nyetablerte Medisinsk-etiske komité holder til i biblioteksbygningen på Black Lion Hospital

Gjennom eit treårig pilot-program har 25 erfarne legar og avdelingsleiarar ved BLH forska på medisinsk-etiske dilemma i Etiopisk samanheng. Det har vore tilrettelagt for diskusjonar, og legane har fått innføring i det akademiske feltet av medisinsk etikk og prioriteringar i helsevesenet. Verktøyet i pilot-programmet har vore Tot ME (Training of Trainers in Medical Ethics), kor ein utdannar lærarar som igjen skal lære opp medisinarstudentar i medisinsk etikk ved AAU.

I mars 2017 opna Center for Medical Ethics and Priority Setting (MEPS) på området til Black Lion Hospital. Senteret vil ha ansvaret for

  • å koordinere og tilby undervisning i medisinsk etikk for medisinstudentar
  • å vere samlingsplass for den kliniske etikk-komiteen
  • å utbetre ein plan for nasjonal opplæring av forelesarar i medisinsk etikk
  • å være ein forskingspartnar for utanlandske samarbeidspartnarar

To Etiopiske PhD-kandidatar har fått støtte frå Norad for å jobbe med prosjektet, Dr. Frehiwot Berhane (Head of ToT ME Ethiopia) og Dr. Dawit Desalegn (Head of MEPS).

Framover vil prosjektet ta sikte på å innføre Tot ME hos alle dei 28 medisinske fakulteta i Etiopia etter førespurnad frå landets Helseminister. Eit toårig-program for 2 kandidatar frå kvar institusjon starta i mars 2017. Forelesarar frå HUS, UiB og BLH vil vere ansvarleg for koordineringa av programmet.

Fleire prosjekt i Etiopia

Prosjekter i andre land

prosjekt i etiopia

Sist oppdatert 28.12.2023