Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intern revisjon av HUS sitt internasjonale arbeid

I 2017-2018 har det internasjonale arbeidet ved Haukeland Universitetssjukehus vore gjennom to revisjonar. Den fyrste vart bestilt av Helse Bergen HF og resulterte i ein ny strategi som vart vedteke av Helse Bergen HF sitt styre i november 2017. Den andre revisjonen vart bestilt av Helse Vest RHF.

Publisert 30.04.2018

Den nye strategien erstattar planane frå 2010 og 2013 og fokuserer endå meir på kompetansebygging i eit vinn-vinn perspektiv for alle dei involverte institusjonane. Det internasjonale arbeidet vert også konsolidert til vore tre partnarsjukehus i Addis Abeba i Etiopia, Lilongwe i Malawi og på Zanzibar, med støtte frå sjukehusa i Pretoria i Sør Afrika og Vellore i India.

Formålet med revisjonen var å undersøkje om prosjekta vert gjennomført innanfor dei økonomiske rammene og administrative føresetnadene som er sette, og at jus, arbeidsgivaransvar og ulike former for risiko forbunde med prosjekta er nøye vurdert.

«Hovudkonklusjonen til internrevisjonen er at dei internasjonale samarbeidsprosjekta i all hovudsak blir gjennomført i samsvar med føresetnadane som er fastsette. Internrevisjonen konkluderer også med at etter at Avdeling for internasjonalt samarbeid (AIS) blei etablert i Helse Bergen har arbeidet blitt sett i system, og det har vore ei positiv utvikling i korleis prosjekt blir planlagde og følgde opp. Internrevisjonen peikar likevel på nokre område som har større risiko, og som krev ei tettare oppfølging og meir systematikk i arbeidet.»

Her kan du lese rapporten etter ekstern revisjonen

Her kan du lese den nye strategiplanen