Ortopedi og kirurgi i Malawi
Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Kamuzu Central Hospital (KCH) har sidan 2007 samarbeidd om eit eige utdanningsprogram for malawiske kirurgar.

Programmet var først finanisert av den Norske Ambassaden i Malawi, og seinare av Fredskorpset. Programmet, som fekk ei svært god evaluering i 2010, inkluderte også opplæring av lokale sjukepleiarar.
HUS har motteke i overkant av 10 millionar kronar frå Trond Mohn og Grieg Foundation i Bergen til innkjøp av kirurgisk utstyr på KCH. Dette har gjort det mogleg for KCH å forbetre dei kirurgiske og ortopediske tenestene til eit betydeleg høgare nivå enn før samarbeidet. Det vert kjøpt inn røntgenutstyr, kirurgiske verktøy, endoskopi einingar, ortopediske implantater og kirurgiske instrumenter.
Gjennom samarbeidet med HUS har KCH no blitt godkjent av COSECSA som utdanningsinstitusjon innan kirurgi/ortopedi, og nyleg vart dei eit offisielt universitetssjukehus.
For perioden 2013-2018 starta eit nytt utdanningsprogram finansiert frå NORAD som eit Norhed program; «Capacity building in postgraduate surgical training and research in Malawi». Programmet er eit samarbeid mellom HUS og Universitetet i Bergen, og KCH, Queen Elisabeth Central Hospital and College of Medicine i Malawi. 30 malawiske legar skal få støtte til spesialistutdanning innan kirurgi/ortopedi gjennom dette programmet, og 4 kandidatar er tatt opp i PhD programmet ved College of Medicine.
Vi har også starta prosessen med å bygge eit nytt traumesenter, Lilongwe Institute of Orthopedics and Neurosurgery (LION). Les meir om LION her