Medisinsk teknisk avdeling
Avdelinga har vore engasjert i internasjonalt prosjekter på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) i ein årrekkje. Dei starta i 1985 i Dar es Salaam, Tanzania med ein prosjekt innan mikrobiologi, men er no tilstade ved alle samarbeidssjukehusa i Afrika og Asia.
Målet deira er å auke kompetansen blant lokalt tilsette ved sjukehusa i sør i blant anna infrastruktur (elektrisitet, vann, bygningar og IKT), sikkerheit for utstyret, hygiene, vedlikehald og innkjøpsprosessar for utstyr, og opplæring i bruk.
I 2012 støtta dei Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar med å etablere eit eittårs kurs innan medisinsk teknikk på College of Health Sciences (CHS). Dei 12 fyrste studentane vart uteksaminert i 2013, og sidan då har mange fleire fått sitt kursbevis. Medisinsk teknisk personell frå våre andre samarbeidssjukehus har også deltatt i treninga, blant anna to Malawiske teknikarar.
Medisinsk teknisk avdeling er ein høgt verdsatt ressurs i HUS sitt internasjonalt arbeid, og har assistert Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) med å sende containarar til sør, ved å sørgje for at alt donert utstyr er i god stand, og at forbruksmateriell og ekstradelar kan bli kjøpt lokalt i Afrika.