Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rusmedisin på Zanzibar

Prosjektet kom i gang etter at sjukehuset Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar tok kontakt for å få hjelp med det stadig aukande rusproblemet på øya.

I februar 2013 reiste to representantar frå Avdeling for rusmedisin til Zanzibar for å møte representantar frå somatisk og psykiatrisk sjukehus, kommisjonar, frivillige organisasjonar, pasientar og rusmisbrukarar.

Målet med prosjektet er å etablere ei avrusingseining som vil sørgje for trygg avrusing, utarbeiding av ei oversikt over dei somatiske, og psykologiske behov til pasienten og utvikling av tverrfagleg behandling.

Fokuset i prosjektet vil vere å hjelpe lokale myndigheiter og helsepersonell å byggje opp eigne tenester som er relevante for den lokale befolkninga. Vi har også fokusert på aktivitetar for pasientane, som Mindfulness øvelsar, og Progressive Muscle Relaxation (PMR). Det er også eit samarbeid med ein gruppe lokale kunstnare på Zanzibar, som har tilbudd å gjennomføre kunsttimar med pasientane, kor resultatet vart ein utstilling på eit av hotella under Zanzibar International Film Festival (ZIFF).

Fleire prosjekt på Zanzibar

Prosjekter i andre land

Sist oppdatert 27.12.2023