Bakgrunnen for prosjektet er at dagens bygningsmasse ikkje er tilpassa pasientgruppa som no får behandling ved klinikken. Pasientane er ofte alvorleg sjuke og har behov for medisinsk behandling parallelt med rehabilitering i tidleg fase.
Den nye klinikken skal bli eit senter for intensiv og høgspesialisert fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Vest. Ho vil samle Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR), Habiliteringstenesta for vaksne (HAVO) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering under eitt tak.

Tidslinje:
Forprosjektet starta i 2020 og vart ferdigstilt våren 2021.
Byggearbeidet er no i gang og skal gjennomførast i fleire fasar, med kontraktar for mellom anna råbygg, fasade, tekniske installasjonar og inventar.
Klinikken er venta å stå ferdig i løpet av 2028.
