Bygginga av Kvinneklinikken starta i 1916, og ho opna 22. februar 1926. Same år vart 826 bergensarar fødde på den nye klinikken.
Då Kvinneklinikken flytta til Glasblokkene i 2023 vart namnet på bygget endra til Årstadhuset. Bedriftshelsetenesta og Yrkesmedisinsk avdeling har kontor der mellombels.
Planen er at Årstadhuset skal byggjast om for pasientbehandling innan psykiatri og rus. Ca. 18 000 kvadratmeter skal rehabiliterast, og bygget skal romme 92 senger. Ombygginga av Årstadhuset har ei økonomisk ramme på 837 millionar kroner. Ifølgje planane skal bygget vere rehabilitert og klart til innflytting i 2029. Ombygging startar i 2026.
Tett på somatikken
Eit viktig mål for arbeidet med Årstadhuset er å samle delar av tilbodet innan psykisk helsevern, rusmedisin, NKS Olaviken alderspsykiatriske poliklinikk og Akuttposten i Mottaksklinikken i Helse Bergen, slik at dei kjem tettare på somatikken på Haukelandsområdet.
Årsstadshuset skal mellom anna innehalde eit felles akuttmottak for å kunne gi akutthjelp til pasientar med psykiske lidingar og/eller rus- og avhengnadslidingar. Prosjektleiinga jobbar etter bestemde faglege prinsipp for utforming av heile bygget.
Desse skal inn i Årstadhuset
Psykiatrisk klinikk: Psykiatrisk akuttmottak og akuttpostar blir flytta frå Sandviken sjukehus. Også alderspsykiatri og ECT (elektrosjokkbehandling) og TMS (transkraniell magnestisk stimulering) skal til Årstadhuset.
Avdeling for rusbehandling: Den forsterka avrusings- og stabiliseringseininga blir flytta frå Martensbygget til Årstadhuset.
Mottaksklinikken: Akuttposten (tidlegare Rusakutten) har flytta frå Bergen Helsehus til Sentralblokka på haukelandsområdet. Den skal inn i Årstadhuset.
Olaviken: Alderspsykiatrisk poliklinikk, som i dag held til på Haraldsplass diakonale sjukehus, skal til Årstadhuset.
Brei involvering
I arbeidet med Årstadhuset har det vore ei brei og god involvering med fagpersonar, tillitsvalde, verneteneste, leiare og brukarar med pasienterfaring.
Konseptrapport og forprosjektrapport for Årstadhuset er vedteken av styret i Helse Bergen og Helse Vest.
I tillegg til å byggje om og rehabilitere bygget, blir eit organisasjonsutviklingsprosjekt gjennomført. Teknologi, arbeidsprosessar, kompetanse, kultur og organisering skal underbyggje visjonen for kva det nye Årstadhuset skal bli.
Kontaktpersonar
Eirik Elsaas, programleiar
E-post: dph@helse-bergen.no