Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pakkeforløp psykiske lidingar hos barn og unge

Pakkeforløp for psykiske lidingar hos barn og unge skal bidra til at du får heilskapleg utgreiing og behandling utan at du må vente unødig.

Ung jente ser i kamera. Foto
colourbox.com

I pakkeforløpet blir det lagt til rette for at du skal få vere med å uttale deg i avgjersler om behandlinga di, og for at behandlinga di skal bli vurdert undervegs. Det er eit mål at du som pasient skal vite kva som skal skje og når det skal skje.

Informasjon frå Helsedirektoratet

Informasjon om behandling for psykiske lidingar på Haukeland universitetssjukehus

For å sikre god oppfølging og unngå unødig venting, har vi det som blir kalla forløpskoordinatorar. Forløpskoordinatoren kan svare på spørsmål om timar og kva som skal skje undervegs i behandlinga di.

Sjå oversikt over forløpskoordinatorar - pakkeforløp psykisk helse

Utgreiing betyr å finne ut kva som plagar deg eller er vanskeleg.
For at vi skal kunne hjelpe deg, må vi først prøve å forstå kva som plagar deg eller er vanskeleg. Det kallar vi utgreiing.

Då vil dei som jobbar hos oss gjere ulike ting saman med deg for å finne ut kvifor du har det sånn som du har det. Dei kan for eksempel: 

  • snakke med deg og foreldra dine 
  • gi deg ark med spørsmål som du må svare på
  • gi deg oppgåver som du må løyse, for eksempel med brikker, på ark eller på pc
  • sjå deg på skulen for å finne ut korleis du har det der
  • undersøke deg og spørje om kva du kjenner i kroppen din når du har det vanskeleg
  • snakke med læraren din, helsesøster eller andre som kjenner deg

Viss vi har tenkt å snakke med andre enn foreldra dine, skal vi fortelje det til deg.

Kor mange samtalar og undersøkingar akkurat du må gjere, veit vi først når vi blir betre kjent med deg. Vanlegvis er vi ferdige når det har gått seks veker. Men om vi ikkje har funne ut av vanskane og kva for hjelp du treng til då, kan vi bruke meir tid; opp til seks veker ekstra.

Behandling betyr å hjelpe deg for at du skal få det betre. Når vi har funne ut kva du treng, startar behandlinga. Det kan for eksempel vere:

  • å snakke med deg åleine, saman med familien din, eller med andre barn i ei gruppe
  • at du skal  gjere oppgåver saman med nokon av oss
  • at dei vaksne rundt deg får vite korleis dei kan hjelpe og støtte deg
  • at du får medisinar

Du og foreldra dine vil vere med og planlegge kva slags behandling du skal få. Du får vite kva som skal skje og kvifor. Du vil også bli spurt om du synest hjelpa verkar.

Viss de får hjelp frå andre enn oss, kan det vere lurt å ha møte med alle som hjelper dykk samtidig. Vi har berre slike møte viss det er bra for deg og viss du og foreldra dine vil det.

Før behandlinga er ferdig, skal du, foreldra dine og vi på sjukehuset snakke saman om:

  • korleis du/de synest det har vore å få hjelp

Viss du treng meir hjelp, vil vi saman finne ut kva du treng og kven som kan støtte dykk framover. Når du er ferdig hos oss  vil det vere legen din, helsesøster eller andre som følgjer med på korleis du har det.

Ønskjer du å vite meir om pakkeforløp, kan du sjå på nettsidene til Helsedirektoratet, dei finn du på www.helsenorge.no

Forløpskoordinator psykisk helse og rus

Pakkeforløp for psykisk helse og rus blir innført stegvis frå januar 2019. Eit viktig tiltak er forløpskoordinator ved alle avdelingar som tilbyr pakkeforløp. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Sjå oversikt over forløpskoordinatorar
Lege med pasient. Foto
Sist oppdatert 20.02.2023