Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du Sjukehusapoteket i Bergen. Her kan du hente reseptmedisin, kjøpe apotekvarer og sjukehusartiklar og få råd og rettleiing.

Sjukehusapoteket tilbyr eit breitt sortiment av medisinar, sjukepleieartiklar og andre apotekvarer. Dei fleste av medisinane som sjukehusa bruker har vi på lager slik at du enkelt kan få desse med deg når du skal reise heim. 

Hos oss får du god rådgiving og rettleiing, og vi jobbar kvar einaste dag for å medverke til auka pasienttryggleik, betre helse og auka velvære.

Bestill klargjering av medisinar

Det er mogleg både for pasientar, pårørande og sjukehustilsette å bestille klargjering av medisinar og andre apotekvarer på førehand gjennom klikk og hent-ordninga vår.

Her kan du bestille klargjering av medisinar​

Opningstider - Sjukehusapoteket på Haukeland

Opningstider for Sjukehusapoteket på Haukeland  (www.sjukehusapoteka-vest.no​) ​

Telefon: ​ 55 97 53 44 
Telefaks:  55 29 07 40
Epost: post@sav.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Sist oppdatert 08.06.2026