Mattilbod

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Matservering på avdeling

På avdelingane blir det servert fire måltid kvar dag til pasientar som er innlagde:

  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Lunsj kl. 12.00-13.00
  • Middag kl. 16.00-17.00
  • Kveldsmat kl. 20.00-21.00
Spisetida kan variere noko i dei ulike avdelingane. 
 

Menyane varierer frå veke til veke. Du vil få meir informasjon om vekas meny på avdelinga. Pårørande og besøkande får ikkje mat på avdelingane, men kan nytte seg av kantine, kiosk eller kafé.

Spesielle matbehov

Om du som pasient ønskjer annan mat, tilbyr vi menyar til alle typar diettar og spesialkost. Nokre eksempel er allergitilpassa mat, vegetar og halal. Gi beskjed om dette til personalet ved avdelinga.

Spisestover

Fleire avdelingar tilbyr matservering i eigne spisestover. Her blir maten servert i ein hyggeleg atmosfære. Spisestovene er bemanna med eige kjøkkenpersonell og tilbyr frukost, lunsj, middag og kveldsmat.  

Mattilbod på pasienthotellet

Pasienthotellet vårt, Haukeland hotell, har eige kjøkken og spisesal, kafé og døgnopen kiosk​ for pasientar, pårørande og besøkande. ​

Café3

I Café3 (kantina) i 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland tilbyr vi sal av varm mat, bakevarer, salat frå salatbuffet, kaker, pålegg, frukt og drikke.  Café3 er open for alle.

Opningstider

Måndag-fredag: Kl. 07.30-18.00
Laurdag-søndag: Kl. 11.00-17.00

Kaféen er stengd på offentlege heilagdagar.

Café Foajé

I Café Foajé kan du kjøpe påsmurt mat, kaker, bakevarer og ein enkel varmrett.  

Opningstider

Måndag-fredag: Kl. 08.30-15.30
Stengd laurdag, søndag og offentlege heilagdagar.

Kiosk - Deli de Luca​

Kiosken Deli de Luca funn du i foajeen i Sentralblokka. Her finn du alt frå salat til påsmøra baguettar. Det er og varme rettar for overtidsmat òg liknande. I utsalet finn du òg eit breitt utval av bøker og magasin, blomar, telefonkort, frimerkar med meir.

Opningstide​r:

Måndag-fredag: 07.00-22.00
Laurdag og søndag: 08.00-21.00

 

Daglegvarebutikkar i nærområdet​

Rema1000 Haukelandsveien​​

  • Om lag 10 minuttars gange frå Sentralblokka
  • Måndag-laurdag: Kl. 06.30-23.00
  • ​Stengd søndag

Kiwi Kronstad

  • Om lag 10 minuttars gange frå Sentralblokka
  • Måndag-fredag: Kl. 06.30-23.00
  • Laurdag: Kl. 08​.00-23.00
  • Stengd søndag

Bunnpris Møllendalsbakken

  • Om lag 15 minuttars gange frå Sentralblokka. Søndagsopen.
  • Måndag-fredag: Kl. 08.0​0-23.00
  • Laurdag: Kl. 08.00-22.00
  • Søndag: Kl. ​08.00-23.00

Praktisk informasjon til pasientar og pårørande

Skal du eller ein du kjenner på sjukehuset? Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal komme deg hit, parkering, daglege rutinar, mattilbod, parkering og andre servicetilbod ved sjukehuset.
Les meir om praktisk informasjon
Sentralblokka_sommer.jpg
Sist oppdatert 03.10.2024