Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tilvising til rehabilitering
Alle tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar skal vurderast av Regional vurderingseining for rehabilitering (RVE). Rutinar for tilvising varierer avhengig av kven som tilviser og kvar det blir tilvist.
Tilvisingar til rehabilitering skal sendast frå fastlege, avtalespesialist eller sjukehuslege. Ei god tilvising er viktig for å beskrive rehabiliteringsbehovet. Tilvisinga skal innehalde punkta i sjekkliste for tilvising:
Diagnose: (inkludert komorbiditet, psykiske lidingar og rusmiddelproblem)
Bakgrunn for tilvising: Angi konkrete problemstillingar som ligg til grunn for tilvisinga.
Funksjonsnivå: Korleis påverkar plagene dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt) Beskriv hjelpebehov.
Arbeids-/sjukemeldingsstatus: Opplysningar om pasientens noverande arbeidsstatus.
Utprøvde tiltak: Oversikt over tiltak som er prøvd ut, samt effekt av tiltaka.
Pasientens mål: Angi pasientens spesifikke mål.
Tidlegare rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta Dersom ja:
Når og kvar har pasienten vore på rehabilitering?
Korleis har lokale tiltak blitt følgt opp i etterkant?
Har det oppstått nye problemstillingar?
Har pasienten satt seg nye mål?
Vedlegg: Epikriser frå tidligare opphald samt relevante notat frå spesialistar og terapeutar.
Smittevern: Opplysningar om smittestatus som kan kreve spesielle smitteverntiltak ved institusjonen.
Legemiddelliste: Legg ved ei oppdatert oversikt over legemiddel i bruk.
Tolk: Angi behov for tolk under rehabiliteringsopphaldet.
Diagnose
Bakgrunn for tilvising: Angi konkrete problemstillingar som ligg til grunn for tilvisinga.
Funksjonsnivå: Korleis påverkar plagene dagleg funksjon knytt til barnehage/skule og fritid (fysisk, psykisk og sosialt). Beskriv hjelpebehov.
Utprøvde tiltak: Oversikt over tiltak som er prøvd ut, samt effekt av tiltaka. Er det etablert ansvarsgruppe, individuell plan, koordinator og/eller kontaktlege?
Pasientens mål: Angi pasientens spesifikke mål.
Tidlegare rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta Dersom ja:
Når og kvar har pasienten vore på rehabilitering?
Korleis har lokale tiltak blitt følgt opp i etterkant?
Har det oppstått nye problemstillingar?
Har pasienten satt seg nye mål?
Vedlegg: Epikriser frå tidligare opphald samt relevante notat frå spesialistar og terapeutar.
Smittevern: Opplysningar om smittestatus som kan kreve spesielle smitteverntiltak ved institusjonen.
Legemiddelliste: Legg ved ei oppdatert oversikt over legemiddel i bruk.
Tolk: Angi behov for tolk under rehabiliteringsopphaldet.
Tilvisinga sendast elektronisk, via Norsk Helsenett til:
"Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun)"
Om ein ikkje kan sende elektronisk kan ein sende tilvisinga til:
Regional vurderingseining for rehabilitering Østre Nesttunvei 2 5221 NESTTUN
Om du har rett til helsehjelp i spesialisthelsetjenesten eller ikkje, er ei medisinskfagleg vurdering. Avgjersla vert tatt av ein legespesialist.
Tilvisingar frå spesialisthelsetenesta skal også sendast til Regional vurderingseining. Sjå her for tilvisingsrutinar.
Tilvising psykisk helse/rus og sjukleg overvekt/livsstilsendring
Tilvising til rehabilitering for psykisk helse/rus og sjukleg overvekt/livsstilendring skal ikkje sendast til Regional vurderingseining for rehabilitering.
Tilvisingar som vert sendt frå primærhelsetenesta vert rettigheitsvurdert av legespesialist i Regional vurderingseining (RVE).
Tilvisingar som kjem frå primærhelsetenesta vert rettigheitsvurdert av legespesialist på Regional vurderingseining (RVE). RVE innhenter tilleggsopplysningar som til dømes epikrise frå tidlegare rehabiliteringsopphald dersom det er nødvendig for å vurdere tilvisinga. Dersom tilvisinga vert innvilga vil rådgivarar på RVE finna eigna delyting og institusjon som har ledig plass innan fristen. RVE vidaresender tilvisinga og andre aktuelle opplysningar til institusjonen. Dersom tilvisinga vert avslått kan tilvisar be om ny vurdering, eller pasienten kan sende skriftleg klage til RVE. Dersom klagen også vert avvist sender RVE klagen vidare til Statsforvaltaren for ny vurdering.
RVE sender svarbrev til pasienten og tilvisar, med kopi til fastlegen.