Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjekkliste for tilvising, vaksne

Ei god tilvising er viktig for å beskrive rehabiliteringsbehovet. Tilvisingar til rehabilitering skal innehalde punkta i sjekkliste for tilvising:

  1. Diagnose: (inkludert komorbiditet, psykiske lidingar og rusmiddelproblem)
  2. Bakgrunn for tilvising: Angi konkrete problemstillingar som ligg til grunn for tilvisinga.
  3. Funksjonsnivå: Korleis påverkar plagene dagleg funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid (fysisk, psykisk og sosialt) Beskriv hjelpebehov. 
  4. Arbeids-/sjukemeldingsstatus: Opplysningar om pasientens noverande arbeidsstatus.
  5. Utprøvde tiltak: Oversikt over tiltak som er prøvd ut, samt effekt av tiltaka.
  6. Pasientens mål: Angi pasientens spesifikke mål.
  7. Tidlegare rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta
    Dersom ja:  
    • Når og kvar har pasienten vore på rehabilitering? 
    • Korleis har lokale tiltak blitt følgt opp i etterkant? 
    • Har det oppstått nye problemstillingar?  
    • Har pasienten satt seg nye mål? 

Vedlegg: Epikriser frå tidligare opphald samt relevante notat frå spesialistar og terapeutar. 

Smittevern: Opplysningar om smittestatus som kan kreve spesielle smitteverntiltak ved institusjonen. 

Legemiddelliste: Legg ved ei oppdatert oversikt over legemiddel i bruk. 

Tolk: Angi behov for tolk under rehabiliteringsopphaldet.  

Sist oppdatert 21.08.2025