Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Regional vurderingseining for rehabilitering

Regional vurderingseining for rehabilitering er eit tilbod i Helse Vest som vurderer tilvisingar til tverrfagleg spesialisert rehabilitering. Målet er å sikre at pasientar med samansette og langvarige behov får rett rehabilitering, til rett tid og på rett stad. Eininga består av eit tverrfagleg team med helsepersonell frå ulike fagområde, som vurderer behov på ein heilskapleg måte – medisinsk, funksjonelt og sosialt. Vurderingane skjer i samarbeid med behandlarar, sjukehus og kommunar i heile regionen, og skal bidra til eit fagleg godt og koordinert rehabiliteringstilbod.

Kontaktinformasjon

Elektronisk tilvising i Norsk helsenett adresseregister:
Regional vurderingseining for rehabilitering (Nesttun)

Sjukehusa skal sende tilvisinga direkte til den aktuelle institusjonen utan å gå via vurderingseininga.

Om ein ikkje kan sende elektronisk kan ein sende tilvisinga til:

Regional vurderingseining for rehabilitering
Østre Nesttunvei 2
5221 NESTTUN

Telefon: 55 91 85 40

Telefontid

Kl. 08.00-11.30 og 12.30-15.00

Sist oppdatert 26.08.2025