ReHabiliteringstelefonen
ReHabiliteringstelefonen er ei landsdekkande telefonteneste som gir informasjon om rehabiliterings- og habiliteringstenester. Ved å ringe ReHabiliteringstelefonen kan du få informasjon og rettleiing om tenester og tilbod innan habilitering og rehabilitering i den helseregionen du bur i.
ReHabiliteringstelefonen 800 300 61
Telefontid : Måndag til fredag kl. 09.00 -15.00
Det er dei regionale koordinerende einingane for habilitering og rehabilitering i kvar helseregion som samarbeider om drift, og betjening av ReHabiliteringstelefonen.
Telefontjenesten vert betjent av helsepersonell, og er områdestyrt slik at du kjem til den regionale koordinerende eininga i den regionen du ringer frå.
ReHabiliteringstelefonen formidlar informasjon, og gir råd og rettleiing til pasientar, pårørande og helsepersonell om mellom anna:
- Rehabilitering- og habiliteringstilbod og tenenester i helseføretak, kommunar og ved private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale med Helse Vest RHF.
 - Spørsmål relatert til tilvisinga til private rehabiliteringsinstitusjonar.
 - Kontaktinformasjon til koordinerande einingar i spesialisthelsetenesta og i kommunane.
 - Informasjon, råd og rettleiing relatert til tenestene individuell plan og koordinator.
 - Informasjon, råd og rettleiing om pasient- og brukarrettigheiter knytt til rehabiliterings- og habiliteringstilbod og tenester.
 
            Sist oppdatert 05.09.2025