Konjunktival provokasjonstest
Konjunktival provokasjonstest er aktuell ved mistanke om allergi når andre testar er negative.
Symptom frå augene er vanleg ved pollenallergi, og kan utgjera dei mest plagsame symptoma, og også vera vanskelege å behandla. Det kan likevel vera vanskeleg å fastslå sikkert om symptom frå auga kjem av eit mistenkt allergen (t.d. bjørk). Provokasjonen medfører låg risiko for alvorleg reaksjon eller komplikasjonar.
Sist oppdatert 03.10.2023