-
På grunn av vegarbeid er innkjøringa til Augebygget stengd mellom 10.juli og 23.juli 2026Du kan gå i gangtunnel frå Haukeland Hotell til Augebygget - følg merka rute. Det er og mogleg å gå gangveg mellom Årstad Kirke og Augebygget. Timen din går som planlagt. Rekn med ekstra tid for å finne fram.Stenging av vei Augebygget
Rehabiliteringsavdelingen Norges Blindeforbund
Norges Blindeforbund arrangerar rehabiliteringskurs tilpassa personer med synsvanskar i ulike aldersgrupper.

Me hjelper deg å sjå moglegheitene - me veit at meistring av synsvanskane gjer deg eit meir aktivt og sjølvstendig liv
Synsrehabilitering har fokus på syns- og livsmeistring, på dei område i dagleglivet der synsvanskar kan gje deg nye utfordringar.
Rehabiliteringskurs er ein lovfesta rettigheit og hjemla i Lov om folketrygd, kursopphaldet dekkast av NAV. For å søkja om plass på rehabiliteringskurs må du ha moderat synssvekkelse eller lågare, og ein nyttar klassifisering av synssvekkelse utvikla av Verdas Helseorganisasjon (WHO) i vurderinga av dette. Søknad krev dokumentasjon frå augelege.
Rehabiliteringsrådgjevar frå Norges Blindeforbund, din augelege eller sjukepleiar i Augeavdelinga kan svara deg nærmare på detaljar om søknad til rehabiliteringskurs.
Augeavdelinga samarbeider tett med Norges Blindeforbund, og har i samarbeid utvikla eit elektronisk henvisningsskjema for rask og effektiv tilvising til rehabiliteringskurs.
Kontaktinformasjon
Rehabiliteringsavdelingen VestlandetTelefon: 55 33 69 55
Epost: rehab.bergen@blindeforbundet.no
Post- og besøksadresse:
NBF Rehabiliteringsavdelingen Vestlandet
Lille Markeveien 18
5005 Bergen
Sist oppdatert 25.09.2023