Kven er synsrehabilitering aktuelt for?

Ein person med synshemming er ein som har nedsett syn sjølv om ein brukar riktige briller. Når synssvekkinga ikkje kan kompenserast for med brilller, kontaktlinser, kirurgi eller medisinsk behandling er synsrehabilitering viktig for å lære å meistre dagleglivet på nytt. Synsrehabilitering er aktuelt i alle aldersgrupper.

Lupe foran et ark med tekst

​Synsskarpleik (visus) er evna til å oppfatte små detaljar. Nedsett visus betyr at ein person si evne til å sjå detaljar på nært og langt hald er redusert. Visus blir oppgitt i brøk eller desimaltall og beskriv forholdet mellom den målte synsevna og normalt syn.

Synssvekking blir kategorisert etter internasjonale kriterium utvikla av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Det er utvikla to klassifiseringssystem som utfyller kvarandre.

ICD-10: Synshemming inn i kategoriar avhengig av grad av synsrest

Synsskarpleik på ca 0,33 (6/18) på beste auge med beste korreksjon vil gje dei fleste problem med å lese på vanleg leseavstand. Dette nivået er valt som internasjonalt kriterium for svaksynthet av WHO. Det gjeld også som kriterium i kapittel 10 i folketrygdloven, som mellom anna omhandlar hjelpemiddel og rehabiliteringskurs.

ICF-CY: Det funksjonelle aspektet

Nokre personar har behov for synshjelpemiddel eller synsrehabilitering utfrå funksjonsevne, sjølv om dei ikkje kjem innunder kategoriane i ICD-10.

Synsrelaterte funksjonsvanskar skal vurderast utfrå innverknaden den har på dagleglivets aktivitetar og sosial deltaking. Alle synskvalitetar vert vektlagd; til dømes lyskjensle, fargesyn, samsyn, visuell orienteringsevne, halvsidige synsfeltutfall, flekkvise bortfall i synsfeltet, nattblindheit.

 


​​Aktuelle lenker

Kva er synsska​rpleik (visus)? 

Definisjon av nedsett synsfunksjon

Augeavdelinga si rolle i synsrehabilitering

Augeavdelingas viktigste rolle i synsrehabilitering er å identifisere eit behov for synsrehabilitering, og tilvise deg videre til dei aktuelle tilbod.
Les meir

Andre aktørar innan synsrehabilitering

  • Elev ser på skjermen hva lærer skriver på tavlen.foto.
    Statped - statleg spesialpedagogisk teneste

    Barn, unge og vaksne med synshemming treng tilrettelegging for å kunne utnytte ressursane sine. Statped er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å sikre likeverdig opplæring og eit inkluderande læringsmiljø.

  • Lupe over tekst. Foto.
    Syns- og audiopedagogisk teneste i tidlegare Hordaland

    Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT) er ei interkommunal teneste for tidlegare Hordaland. Dei kan tilby råd, veiledning og oppfølging ved synstap.

  • Optiker og pasient, synsmåling
    NAV hjelpemiddelsentral - Synshjelpemiddel

    Har du ei varig synsnedsetting kan du ha rett til hjelpemiddel som kan betre funksjonsevna di.

Sist oppdatert 25.10.2022