Smertelindring etter øyre-nase-hals-operasjon hos barn og unge
Etter operasjonen er god smertelindring viktig for å dempe smerter hos barnet og førebygge smertetoppar. Ofte er medikamentell behandling nødvendig. Barn klarer ikkje alltid å seie frå om smerte. Derfor er det viktig å gi smertestillande til faste tider.
Dosering av smertestillande
- For riktig dosering av smertestillande, følg skjemaet «Smertelindring etter ØNH‑operasjon for barn og unge» som du får utdelt på sjukehuset.
- Gi barnet smertelindring ut frå barnet si vekt.
- Barnet skal ta paracetamol og ibuprofen/diklofenak kvar dag.
- Merk at dosen av paracetamol er ulik for «dag 1–2» og «dag 3 og utover».
- Smertestillande får du kjøpt på apotek. Nokre typar (for eksempel paracetamol) finst også i daglegvarebutikk, men utvalet er avgrensa.
- Barnet kan få mikstur, tablettar eller stikkpiller.
- Ved bruk av mikstur, gi talet på milliliter (ml) i barnet si vektklasse 4 gonger i døgnet.
- Ved bruk av tablett/stikkpille, følg dosane i skjemaet morgon, midt på dagen, ettermiddag og kveld/natt. Dosane kan variere gjennom døgnet for å gi best mogleg smertelindring. Følg skjemaet nøye for riktig dose til riktig tid.
Paracetamol
- Paracetamol er verkestoffet i for eksempel «Paracet», «Pinex» og «Panodil».
- 1000 mg = 1 gram.
- Paracetamol finst som mikstur, tablett, stikkpiller, brusetablett og dosegranulat i ulike styrkar. Vel det som passar best for barnet ditt.
Ibuprofen
- Ibuprofen er verkestoffet i for eksempel «Nurofen» og «Ibux».
- Ibuprofen finst som mikstur, tablettar, kapslar og stikkpiller.
Ibuprofen mikstur finst både som 20 mg/ml og 40 mg/ml. Vel det som passar best, men hugs å følgje riktig dosering i ml ut frå om barnet brukar 20 mg/ml eller 40 mg/ml mikstur. - Ibuprofen («Nurofen») stikkpiller er reseptpliktige. Lege ordnar resept ved behov.
Diklofenak
- Diklofenak er verkestoffet i «Voltaren».
- Diklofenak finst som tablettar og stikkpiller.
- Diklofenak («Voltaren») 50 mg er reseptpliktig. Lege ordnar resept ved behov.
Når skal du ta kontakt med helsevesenet?
- Dersom smertene ikkje blir lindra av medisinar.
- Dersom du er bekymra.
Kontaktinfo sjukehuset
Dagtid kvardagar: Øyre‑nase‑halsavdelinga: 55 97 27 00
Helg/kveld/natt: Sentralbord Haukeland universitetssjukehus: 55 97 50 00. Be om barnekirurgisk avdeling.
Ved akutt nødhjelp: Ring 113!
Sist oppdatert 12.05.2026