Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Tablett-trening for born og unge

Nasjonalt kompetansenettverk for legemiddel til barn arbeider med eit spennande prosjekt der vi lærer born frå om lag 4-5-årsalderen å svelgje tablettar. Prosjektet er ein del av eit nasjonalt initiativ, og vi er no godt i gang med tablett-trening også ved Haukeland Universitetssjukehus.

Tid og stad

Arrangør
Legemiddelnettverket for barn - Maria Høyland Tønnesen, farmasøyt - Gunn-Therese Lund Sørland, farmasøyt - Karoline Lyngtun Vik, barnesykepleier.
Kvar
Glasblokkene
Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene 5-8

Dersom dette høyrest interessant ut, kan du be behandlaren din om å ta kontakt med oss på Barne- og undomsklinikken:

Maria Høyland Tønnesen, farmasøyt

Gunn-Therese Lund Sørland, farmasøyt

Karoline Lyngtun Vik, barnesykepleier.

 

Tablett-trening for born og unge

Tablett-trening er eit tilbod til alle born og unge over 4 år som er tilknytte Barne- og ungdomsklinikken. Deltaking føresett normal svelgefunksjon, tilstrekkeleg kognitiv modenheit og at barnet sjølv ønskjer å prøve.

Tablett-treninga byggjer på ein enkel teknikk, der vi mellom anna brukar kakestrø, små pastillar og godteri for å øve på å svelgje tablettar.

Meir informasjon

Du kan også finne meir informasjon om prosjektet her (legemidlertilbarn.no)