Regionalt senter for kjønnsinkongruens

Senteret vil være eit helsetilbod til barn og unge under 18 år som opplever eit behov for hjelp i forbindelse med sin kjønnsidentitet. Helsetilbodet er regionalt og tar imot tilvising frå heile Helse Vest. Senteret opnar for tilvising av pasientar frå 15.02.2024. Fram mot opninga kan vi kontaktas for konsultasjon og rettleiing.

Kjønnsinkongruens er ein tilstand der kjønnsidentiteten skil seg frå kjønnet  ein er fødd med. Tilstanden kan oppstå i småbarnsalder, i pubertet og i vaksen alder. Det kan innebere eit ønske om behandling for å leve som, og bli akseptert som sitt opplevde kjønn.  
Nokre opplever tilstrekkeleg nytte av tiltak som å endre namn og pronomen, eller å endre kjønnsuttrykket sitt med hår klede, sminke, eller hjelpemiddel (som for eksempel kompresjonsvest eller penis-/brystprotese).

  
Andre kan ha behandlingstrengande kjønnsdysfori og behov for behandling med hormon og/eller kirurgi. Ved ønske om medisinsk behandling vil regionalt senter tilvise vedkommande vidare til Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens ved Oslo universitetssjukehus. 

Senteret kan kontaktas for konsultasjon og rettleiing i saker. Du kan også sende ditt navn og telefonnummer per e-post: rski-vest@helse-bergen.no og vi tar kontakt. Du må ikkje skrive fødselsdato eller andre personlege opplysningar i e-posten. 

 

Regionalt senter for kjønnsinkongruens vil ta imot tilvising frå fastlegar, Psykisk helsevern for barn og unge, og kommunale helsetenester. Senteret vil samarbeide tett med dei same tenestene for å sikre god utgreiing og oppfølging av pasientane. Senteret opnar for tilvising 15.02. 2024.

Kontakt

Telefon

Barne- og ungdomsklinikken

55 97 51 99
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Sentralbord Haukeland

55 97 50 00
Sentralbord​et vårt er bemanna heile døgnet

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Regionalt senter for kjønnsinkongruens
Postboks 1400, Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ta kontakt med Hovudresepsjonen i Glasblokkene 5-8.

​Dersom du ynskjer å avbestille eller endre ein time ved posten, finst det to måtar å gjere det på. Enten kan du ringe oss eller så kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestille time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakte oss på telefon.

Via internett

No kan du sjekke timeavtalane dine og skrive meldingar til avdelinga du har time hos på internett ved å logge deg på Helsenorge. 

I tillegg til å sjå timen din kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • ​Få oversikt over timeavtalane dine
  • Sende ei melding til avdeling du har time hos (ikkje røntgen)
  • Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

​Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane til barnet.

​Fortsatt brev i posten

Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon

Du kan også ringe til oss for å endre eller avbestille timen din. Du kan ringe ​måndag til fredag før kl. 15.30, telefonnummer står oppført i innkallinga di.

Treng du hjelp med å logge inn? 

Om det manglar kollektivtilbod og du ikkje har høve til å nytte eigen bil, kan du ringe Pasientreiser på 05515 for å få råd eller hjelp til transport. Viss du av medisinske årsaker har behov for drosje, skal du ved første behandling kontakte den som har henvist deg til sjukehuset. Treng du transport til oppfølgingstimar eller kontrollar, kan du ta kontakt direkte med sjukehuset. Meir informasjon finn du på www.helsenorge.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest